Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Elev > Skjema > Søknad om internatplass

Søknad om internatplass

Søknad om internatplass

Her kan du søkje om internatplass. Skjemaet er elektronisk og du vil motta ein kopi på oppgitt epostadresse under. 

Søknadsfristen er 2.august. 

Standard tlibud
Gjermundnes vgs har eit butilbod ved skulen som er tilpassa elevar ved skulen som ikkje har trong for særskild oppfølging. Oppfølging frå vaksne er dimensjonert slik at det i gjennomsnitt er ein tilsett til dei 80 internatbuarane det er plass til. Denne bemanninga er tilgjengeleg i skuleveka og utanom vanleg skuletid. Arbeidstida til miljøarbeidar/nattevakt er frå skuleslutt ettermiddagen til skulestart morgonen etter, måndag til fredag. Ei slik bemanning gjev ikkje rom for større individuelt tilsyn. Det er også ein føresetnad at eleven rettar seg etter gjeldande reglar og sanksjonar slik dei er presentert i ordensreglementet.

Internatplass er eit ikkje lovpålagd tilbod. Vi har omlag 80 internatplassar. Elevar som ikkje får plass på internatet må bu ein annan stad. Skuleplassen ved Gjermundnes vgs og rettighetane til eleven etter opplæringslova, er ikkje påverka av kvar eleven bur.

Internatplass vert tildelt etter søknad på eige søknadsskjema. Internatplass består av:
• standard hybel der eleven deler forgang og wc med ein medelev.
• tilgang til fellesareal som aktivitetsrom, trimrom og garderobar
• matservering: frukost, middag og kveldsmat
• tilsyn: miljøarbeidar/vakt utanom vanleg skuletid

Internatet er stengt i feriane, på helg og på fridagar.

Elevar med trong for ekstra helse- og omsorgstenester utanom skuletida
Det er kommunen som har ansvar og mynde til å tilby helse- og omsorgstenester i samsvar med lovverket om dette. Gjermundnes vgs har ikkje slikt ansvar og mynde.
Treng eleven meir oppfølging/tilsyn i fritida enn det bemanninga på internatet gjev rom for, må den føresette ta opp dette med den kommunen som har ansvar for å tilby slike tenester.

Dersom den kommunen som har dette ansvaret ynskjer å involvere Gjermundnes vgs i planlegginga av eit slikt tilbod, må kommunen ta kontakt med Gjermundnes vgs.

ELEVINFORMASJON
  1. For elevar som ikkje er fylt 18 år før skulestart
FØRESETTINFORMASJON
  1. Er eleven under 18 år må føresatte oppgis
EKSTRA OPPFØLGING
    Treng eleven meir oppfølging eller tilsyn i fritida enn det bemanninga på internatet gjev rom for, må den føresette ta opp dette med kommunen som har ansvar for å tilby slike tenester. Vidare må kommunen kontakte skulen.

    Internatplass vil ikkje bli tildelt før finansieringa er avklart.
INTERNATPLASS
  1. Depositum på kr 4 500,- skal betalast før nøklar til hybelen blir utlevert
  2. Spesiell diett kan medfør ekstra kostnadar
INTERNATREGLEMENT
    Internatreglementet finn du i høgremargen

    - Eg har lese internatreglane og eg aksepterer dei
    - Eg er klar over at hybelen på internatet ikkje kan vere fast bustadsadresse
    - Eg har merka meg oppseiingstida på 1.mnd frå den 20.
    - Eg er merksam på at for sein betaling kan kost/losji medføre at butilbodet fell bort
    - Eg er klar over at depositum ikkje verte betalt ut før alle rekningar frå skulen er betalt

Kontaktpersonar

Monika Aas
Arbeidsleder
+4771282925 / Mob. 95924460
Send e-post
Jorun  Frostad Jorun Frostad
kontorleiar
+4771282917 /
Mob. 90525795
Send e-post

Dokument

Internatreglement
PDF-dokument - 323,10 kB
Orientering om internatet 19-20
PDF-dokument - 313,58 kB