Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Elevside > Fritidstilbod

Fritidstilbod

Skulen sin gymsal, lesesalen og biblioteket er tilgjengelig for internat- og hybelelevane på ettermiddag-/kveld.

Elevar som bur på hybel har muligheit til å bruke samme tilbod som internatelevane, og dei kan også få kjøpt frukost, middag og kvelds i kantina.

Kurs i Swing, Line-Dance, bueskyting mm, kan vere moglege tilbod for alle elevane. Likedan ulike sportslege turneringar - eller biljard.

Biljard- og treningsrom er opne frå middagen er ferdig til 2300. I biljardrommet har vi kort og nokre bordspel.

Av og til har vi også "matauk" - vafler/bakels, kaffi og saft nesten heilt gratis, etter kveldsmaten.

Om nokon av elevane har ynskjer om ein spesiell aktivitet, kan dei snakke med miljøarbeidarane.