Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bibliotek

Bibliotek

Kva finn du i samlinga?

Biblioteket har ein del ulike tidsskrift, med hovudvekt på naturbruk. Her fins også tilleggsstoff til lærebøkene, leksika og andre oppslagsverk, fag- og skjønnlitteratur. Vi har også god tilgang til Landbrukshistorie i og med at Landbruksmuseet har overtatt samlinga frå ”Landbruksskulen”.

Slik låner du!

Du kan bruke websøket "Skulebiblioteket på nett" for å finne kva biblioteket har i hyllene.

Alle elevar og tilsett kan låne bøker frå biblioteket. Lånet vert registrert elektronisk hjå "bibliotekaren". 

Lånsnummer for elevane står på elev/printkortet ditt. Har du Nasjonalt lånekort, kan dette også nyttast. Ein kan også søkje opp seg sjølv med namn. 

Læreboklån: skal gjerast på sjølvbetent utlån 

  • scann inn lånenummeret frå elevkortet ditt
  • scann inn strekkoden på boka (bøkene)
  • lånet er registrert med lånetid til starten av juni i det skuleåret du er inne i

Vanleg utlån: resepsjonen som kan registrere lånet. 

Innlevering av bøker:

  • Lever bøkene til nokon som kan registrere bøkene som innleverte medan du er til stades. 

Purring av bøker:

Purring vert sendt på e-post til den adressa den enkelte har i Fronter/oppgitt ved skulestart. 

Leksikon, oppslagsverk og tidsskrift er IKKJE TIL UTLÅN. Bruk det som står på lesesalen der, og set på plass etter deg :-)

Bøker må ikkje lånast vidare til andre. Den som har lånt ei bok er ansvarleg for lånet, og må erstatte øydelagde eller tapte bøker. Også om du har levert inn ei lærebok som ein medelev har lånt dersom den som er utlånt på deg ikkje kjem til rette!

 

Kontaktpersonar

Jorun  Frostad Jorun Frostad
kontorleiar
+4771282917 /
Mob. 90525795
Send e-post
Joachim Vadseth Joachim Vadseth
IT-ansvarleg
+4771282914
Send e-post