Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rådgjevar

Rådgjevar

Rådgjevar skal saman med kontaktlærar være til hjelp for elevane i spørsmål om fagval, studieval, yrkesval, samt sosiale vanskar som har samanhang med eller gjer skolegangen vanskeleg. 

Lurer du på vegen vidare?
Rådgjevar skal vere elevane til hjelp i spørsmål om fag, lineval og studieretning.
Rådgjevar skal og gi informasjon om ulike utdanningsvegar innan høgare utdanning og bidra med yrkesrettleiing.

Nokon å snakke med?
Rådgjevar kan og gje råd og hjelp ved t.d. personlege forhold og problem. Om behov vil rådgjevar kunne hjelpe til med å skaffe spesialisthjelp, t.d. i samarbeid med PPT, helsesøster, eventuelt skulelege eller psykologteneste.
Det er ikkje uvanleg å kjenne på eit behov for å snakke med nokon, nokon som kanskje ikkje er læraren din eller andre du omgår til dagleg. Sjølv om det ikkje treng å vere store problem eller konflikter, kan det vere godt å få lufte tankane sine. Då er det mogleg å stikke innom rådgjevarkontoret for ein prat.
Ver ikkje redd for å "forstyrre" - det er derfor rådgjevar er her.

Rådgjevar i team
Rådgjevar sit saman med avdelingsleiarar, PPT og skulehelsetjenesten i Ressursteam. Her arbeider vi med elevsaker for å best mulig kunne ta vare på kvar elev sine behov for tilrettelegging og oppfølging.

Teieplikt
Rådgjevar har teieplikt. Det er greit å vere trygg på det.

Kontaktpersonar

Marit Karin Årseth Vike Marit Karin Årseth Vike
Rådgiver
+4771282915
Send e-post