Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Elevtenester > Biblioteket

Biblioteket

Skulebiblioteket og lesesalen er no nedpakka i påvente av ny plassering etter oppussing fase 2. Før sommarferien reknar vi med å vere på plass i 2.etg i Administrasjonsbygget. Utlånet går framleis, er berre litt meir arbeid å finne fram, så bruk Biblioteket flittig!!

Opningstider:

Biblioteket har inga fast opningstid. Ta kontakt med Hilde F. eller Heidi G. - eller kontaktlæraren din!

Lesesalen er (stort sett) tilgjengeleg frå 08:00 til 22:30

Kva finn du i samlinga?

Biblioteket har ein del ulike tidsskrift, med hovudvekt på naturbruk. Her fins også tilleggsstoff til lærebøkene, leksika og andre oppslagsverk, fag- og skjønnlitteratur. Vi har også god tilgang til Landbrukshistorie i og med at Landbruksmuseet har overtatt samlinga frå ”Landbruksskulen”.

Arbeidsplassar:
Både lesesal og bibliotek har studieplassar. Trådlaust nettverkstilgang er overalt. Lesesalen har nokre stasjonære datamaskiner med Linux programvare.

Slik låner du!!

Biblioteket brukar systemet Bibliofil til utlån og søking. Du kan bruke websøket "Skulebiblioteket på nett" for å finne kva biblioteket har i hyllene.

Alle elevar (og tilsett) kan låne bøker frå biblioteket. Lånet vert registrert elektronisk hjå "bibliotekaren". Husk lånekortet ditt!!

Ta kontakt med Hilde F. eller Heidi G. om du manglar lånekort eller treng hjelp! Har du Nasjonalt lånekort, kan det brukast, eller du kan få eit hjå oss!!

Læreboklån: skal gjerast på sjølvbetent utlån (lbok)

  • scann inn lånenummeret ditt
  • scann inn strekkoden på boka (bøkene)
  • lånet er registrert med lånetid til starten av juni i det skuleåret du er inne i

Vanleg utlån: ta kontakt med Hilde F. eller Heidi G. som kan registrere lånet. Du treng lånekortet ditt!!

Innlevering av bøker:

  • Lever bøkene til nokon som kan registrere bøkene som innleverte medan du er til stades.

Purring av bøker:

Purring vert sendt på e-post til den adressa den enkelte har i IST-Ekstens. For tida er dette ungweb-adresser for dei aller fleste elevar!!

Leksikon, oppslagsverk og tidsskrift er IKKJE TIL UTLÅN. Bruk det som står på lesesalen der, og set på plass etter deg :-)

Bøker må ikkje lånast vidare til andre. Den som har lånt ei bok er ansvarleg for lånet, og må erstatte øydelagde eller tapte bøker. Også om du har levert inn ei lærebok som ein medelev har lånt dersom den som er utlånt på deg ikkje kjem til rette!

Manglande orden på bøkene du har lånt vil kunne virke inn på ordenskarakteren.

Søk i skulebiblioteket si bokbase