Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Hospitering > Hospitering

Hospitering

Hospitering

Gjermundnes vgs er skulen som tilbyr Naturbruk grønt i fylket. Ynskjer du fagopplæring innan landbruk, hestefaget eller anleggsgartnerfaget, må du byrje som elev ved Gjermundnes vgs.  

Gjermundnes vgs tilbyr hospitering etter retningslinjene i fylket i veke 46 og 47. Reiseavstanden til Gjermundnes vert for mange for lang til at det er naturleg å reise att og fram på same dagen. Vi tilbyr internatopphald ei natt i samband med hospiteringa. Skulen har 70 elevar buande på internatet med full kost og godt stell ellers.

Då kommunane organiserer opplæringa i faget Utdanningsval på forskjellige måtar, vil vi ved Gjermundnes tilpasse vårt opplegg slik at det let seg gjennomføre for alle elevane i fylket.
Er du interessert så ta kontakt med skulen, så vil vi finne fram til eit godt opplegg. Skulen vil elles arrangere open dag, vere med på aktuelle utdanningsmesser i fylket og vi vil kunne kome på besøk på skulen dykkar for å orientere om utdanningsprogramma vi tilbyr.

Realfagfordjuping Vg3 Naturbruk studieførebuande

Elevar som tek til på Vg1 Naturbruk vil gjennom dei tre åra ved skulen få tilbod om å velge følgjande fordjuping i realfag:

Vg1 Naturbruk:
Naturfag - 5 timar i veka
Matematikk 1T - 5 timar i veka

Vg2:
Biologi 1 - 5 timar i veka
Kjemi 1 - 5 timar i veka

Vg3: 
Matematikk  R1 - 5 timar i veka
Biologi 2 - 5 timar i veka
Kjemi 2 - 5 timar i veka 

Når det gjeld Kjemi 2 vert det teke atterhald om at det er nok elevar som vel dette tilbodet til å starte opp undervisninga. 

Programområde Naturbruk med påbyggingskurset Vg3 Naturbruk studieførebuande gjev utvida fordjuping i relafag samanlikna med alle andre yrkesfaglege prograområde. Dette gje rat ein samstundes som ein får opplæring i landbruksfaga, hestefaga eller anleggsgartnerfaga, også får studiekompetanse som gjev opptak til eit vidt spekter med høgskule- og univeritetsstudium vidare. 

Reiseveg

Gjermundnes vgs er tilknytt to ulike haldeplassar; "Gjermundnes Landbruksskule" og "Gjermundnes E136" der sistnevnte ligg omlag 300 meter frå skulen på europavegen E136. Mellom Vestnes og Åndalsnes er det henholdsvis FRAMs rute 482 som går. 

Sjå rutene nedafor eller sjå sjølv på FRAM sine heimesider. Merk at vi har to ulike haldeplassar som nevnt over. 

Ruter til Gjermundnes

Reiserute frå Moa trafikkterminal mot Gjermundnes.

Reiserute frå Åndalsnes togstasjon mot Gjermundnes.

Reiserute frå Molde trafikkterminal mot Gjermundnes.

Reiserute kun frå Vestnes hurtigbåtkaia mot Gjermundnes.

Ruter frå Gjermundnes

Siste time ved skulen er ferdig kl 15:35. Ruta som elevane då tek er rute 247 frå Gjermundnes vgs kl. 14:45 til Gjermundnes E136 (krysset ved europavegen) kor ein bytter buss til rute 482 kl 14:50. Vidare mot Vestnes hurtigbåtkaia kl 14:55 med korrespondanse med hurtigbåt mot Molde kl 15:00 og FRAMekspress rute 100 mot Ålesund kl 15:25 eller nordover mot Kristiansund. 

Klokkeslett Rute Haldeplass
14:35 Skuleslutt    
14:45-14:50 247 lokalbuss Gjermundnes Landbruksskule > Gjermundnes E136
14:50-14:55 482 lokalbuss Gjermundnes E136 > Vestnes hurtigbåtkai
15:00-15:20 Hurtigbåt Vestnes > Molde
15:25-. 100 FRAMekspress Vestnes > Molde > Kristiansund
15:25-16:20 100 FRAMekspress Vestnes > Moa > Ålesund/Ørsta-Volda

Reiserute frå Gjermundnes vgs til Vestnes hurtigbåtkaia.

Overnatting

Skulen har moglegheit for overnatting for dei elevane som har ekstra long reiseveg. 

Kontaktpersonar

Marit Karin Årseth Vike Marit Karin Årseth Vike
Rådgiver
+4771282915
Send e-post

Kontakt oss

Gjermundnes vidaregåande skule

Telefon: 712 82 900
E-post: gjermundnes.vgs@mrfylke.no

Besøks- og postadresse:
Gjermundnesvegen 200
6392 Vikebukt

Kart:

Dokument

Dagsplan for hospitantar
PDF-dokument - 190,88 kB