Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Agronomutdanning for vaksne

Agronomutdanning for vaksne

Agronomutdanning for vaksne

 

Agronomutdanning for vaksne - Informasjon

 

Gjermundnes vgs tilbyr agronomutdanning for vaksne med 14 elevplassar frå hausten 2017.

Dette er ei komprimert utdanning som inneheld landbruksfaga frå vidaregåande skule.  Studiet er bygd på 2-dagars samlingar, nettbasert undervisning med oppgåveløysing, og sjølvstudium.

 

Målgruppe

Målgruppa for kurset er vaksne som ønskjer opplæring i landbruk på deltid, til dømes ved sida av anna arbeid.

 

Medspelarar

Landbruket sine organisasjonar er støttespelarar for skulen i arbeidet med å gje eit godt fagleg tilbod til deltakarane.   Dette gjeld bidrag til rekruttering til kursa og som faglege bidragsytarar til undervisninga som vert gitt.  Organisasjonar som aktivt vil ta del er:

  • Norges Bondelag
  • Norges Bonde og småbrukarlag
  • Landbruk Nordvest
  • Tine
  • Nortura
  • Bioforsk Økologisk tingvoll – NIBIO
  • Felleskjøpet Agri

 

Innhaldet i kurset

Undervisninga blir lagt opp etter læreplanane for programfag for Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk, sjå linkar til udir.no nedanfor.

 

Første året (aug 2017 – juni 2018) planlegg vi å ta Vg2-faga og eitt fag frå Vg3: 

Felles programfag Vg2:          Produksjon og tenesteyting, Forvaltning og drift  http://www.udir.no/kl06/LGA2-01

Traktor og maskiner frå Vg3  http://www.udir.no/kl06/LBR3004

 

Andre året (aug 2018 – juni 2019) er det Vg3-fag:

Felles programfag Vg3:          Plante- og husdyrproduksjon, Utmark og kulturlandskap, Gardsdrift  http://www.udir.no/kl06/LBR3-01

Økologisk landbruk 1             http://www.udir.no/kl06/LBR6-01

 

Organisering

Studiet går over 2 skuleår med til saman ca 18 samlingar på Gjermundnes fredag – laurdag, kvar samling 16 undervisningstimar.  Fredag 9 undervisningstimar 09.00-18.00, laurdag 7 timar 08.00-15.30.  Totalt utgjer dette 324 undervisningstimar. I tillegg kjem 3 eksamenar.   I resten av timane som er fastsett i læreplanane blir det nettbasert undervisning på læringsplattforma Fronter, og sjølvstudium.

Lærarane som har ansvaret for dei ulike delane av kurset legg ut informasjon, lærestoff og oppgåver på Fronter.  Der leverer også deltakarane svar på oppgåvene og får tilbakemelding/vurdering frå lærar.

Oppgåvesvar, prestasjonar på samlingane og prøver dannar grunnlaget for standpunktvurdering.

Eksamenar blir gjennomførte i samsvar med gjeldande læreplanar, og vil bli avvikla på Gjermundnes i mai/juni.

 

Inntakskrav

Dersom ein er ute etter grunnleggande kunnskap, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt utan tanke på ei formell utdanning, er det ingen inntakskrav ut over at ein må ha fylt 20 år.

For å få oppnå formell kompetanse krevst det noko meir,  sjå avsnittet Vitnemål eller kompetansebevis…  nedanfor.

 

Prioritering ved inntak:

Dersom det ikkje blir plass til alle som søkjer, vil vi prioritere slik ved inntaket

  • Søkjar som skal ha alle faga blir prioritert framfor den som søkjer opplæring i enkeltfag
  • Søkjar som tar sikte på vitnemål og har bakgrunnen som trengst for det, blir prioritert

 

 

Vitnemål eller kompetansebevis etter gjennomført kurs

Beviset på formell agronomkompetanse er vitnemål frå fullført og bestått 3-årig landbruksutdanning i vidaregåande skule.  For å få vitnemål etter vaksenopplæringskurset, må ein i tillegg til å fullføre og bestå alle faga i kurset ha følgjande:

  • Kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule.  5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag dersom søkjaren er 25 år eller eldre (Forskrift til
  • Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje fyller dette kravet, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering ved inntak.
  • Yrkesfagleg fordjuping (YFF) Vg2.  Dette faget er ikkje teke med i vaksenopplæringskurset vårt, men det kan erstattast med 316 timar dokumentert landbrukspraksis eller evt. fag frå studieførebuande utdanning.

­­­

Alle vil likevel få dokumentasjon på gjennomført opplæring:  Dei som ikkje fyller krava til vitnemål får kompetansebevis som syner dei faga og eksamenane som er fullført.

 

Kva kostar det?

Gjermundnes vgs har fått stønad gjennom jordbruksavtale-midlar for Rekruttering og kompetanseheving i landbruket (KIL).  Desse mi­­­­­dlande dekkjer ca. 60% av kostnaden.

Eigenandel vert etter dette kr 4 000 pr. fag du tar.  I tillegg må du skaffe lærebøker og ha tilgang på PC.

Dersom du er over 25 år (eller fyller 25 i løpet av 2017) og ikkje har fullført utdanning på vidaregåande nivå, har du vaksenrett.  Da dekkjer Møre og Romsdal fylkeskommune kostnadane, slik at du får gratis undervisning og får låne lærebøker.

 

Overnatting?

Skulen har 6 rom med høveleg god standard  tilgjengeleg på internatet til overnatting.   I tilknyting til desse romma er det eit enkelt fellesrom med kjøkkenfasilitetar.  Her kan dei som leiger rom ordne seg med mat sjølve.

 

Meir informasjon

kan du få ved å ta kontakt med skulen på epost  gjermundnes.vgs@mrfylke.no eller telefon 71188750.

 

Søknad og Søknadsfrist 1. april 2017

Send søknaden på epost til gjermundnes.vgs@mrfylke.no  eller brev til Gjermundnes vgs, 6392 Vikebukt.  Legg ved dokumentasjon frå skulegang og arbeid.

Kontaktpersonar

Aadne Runar Haarr
Rektor
71282910 / Mob. 91584305
Send e-post