Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-20

Kontaktpersonar

Ann-Christin Hoel Lervik Ann-Christin Hoel Lervik
Rådgivar
+4771280404 /
Mob. 414 18 862
Send e-post
Monica Solheim Monica Solheim
Rådgiver
+4771280399 /
Mob. 930 27 676
Send e-post

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-20

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærarar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undresøkinga, men vi oppmodar alle elever til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar. 

Elevane skal evaluere undervisninga til lærar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa ein eller fleire gonger. Talet avheng av kor mange av elevane sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein eleev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skoleadministrator som har bestemt kva gruppe som evaluere.

Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbed mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skolane, lærarorganisasjonane og elevombod har hatt moglegheit til å kome med innspel gjennom høyring. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:

1. Eleven si meistring og motivasjon 
2. Vurderingspraksis
3. Støtte frå lærar
4. Læringsmiljøet i gruppa
5. Faglege utfordringar og forventningar

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rågivar Ann-Christin Heol Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no).