Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Informasjon til elevar og føresette

Kontaktpersonar

Aina Tomren Aina Tomren
Fagleder
+4771282916 /
Mob. 90927792
Send e-post

Informasjon til elevar og føresette

Gode elev med føresette

Først vil eg takke for innsatsen og arbeidet de legg ned i denne situasjonen.  Det er ein ny og krevjande situasjon for oss alle, men de har tatt steget og er flinke til å henge med i den digitale skulekvardagen.

I går fekk vi vite at regjeringa vidarefører tiltaka mot koronaviruset til etter påske.  Det betyr at de ikkje kan komme tilbake til skulen før tildegast etter påske, og vi må også vere budd på at det kan ta enda lenger tid før vi fysisk kan møtast på skulen igjen.

Eksamen

Regjeringa har i dag beslutta å avlyse alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule våren 2020.  De får fullverdige vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst.  I vitnemålet vil det stå at eksamen er avlyst.  Dette har ikkje konsekvensar for inntak til høgare utdanning.  Du må få bestått standpunktkarakter for å få vitnemål.

Regjeringa vurderer framleis om det vil vere mogleg å gjennomføre munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen.  Vi sender ut meir informasjon til dykk så snart vi veit meir.

 

Vurdering og dokumentasjon

Sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen til våren, må de ha bestått standpunktkarakter i faga for å få vitnemål.  Det er difor likevel viktig at du gjer det du er pålagt i Opplæringslova og deltek aktivt i opplæringa for å gi læraren grunnlag til å gi deg vurdering med karakter.  Det betyr at du må logge deg på It’s learning dagleg og levere dei arbeidskrava lærarane dine gir deg.

Hugs at dersom du ikkje deltek og leverer oppgåver, vil det kunne føre til at læraren ikkje har grunnlag for å gi deg karakter.

All vurdering blir framleis dokumentert i Skolearena som normalt.  Dersom du ikkje deltek i ein vurderingssituasjon, får du karakteren IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i Skolearena i den aktuelle vurderingssituasjonen.  Viss du får mange slike, står du i fare for at læraren ikkje har grunnlag til å gi deg termin- eller standpunktkarakter.  Du vil motta varsel om dette dersom det kan bli aktuelt.

 

Fråver

Det blir ikkje ført fråver medan skulen er stengt.  Dersom du blir sjuk og ikkje kan delta i opplæringa og levere arbeidskrav, må du levere eigenmelding dersom du er over 18 år.  Dersom du er under 18 år, må foreldra dine levere slik melding.

 

Omsorgstelefon

Gjermundnes vidaregåande skule har no oppretta ein omsorgstelefon for elevane våre. Dette er eit tilbod til deg som treng nokon å snakke med som har tid til å lytte og kan gi støtte.  Du kan ringe med alle typer bekymringar og spørsmål. Det treng ikkje å ha med koronaviruset å gjere. Kanskje er noko vanskeleg heime, med vener eller andre ting som blir opplevd utfordrande i denne tida. Telefonen er bemanna av vernepleiar Bente Røvik som har god kompetanse og lang erfaring med å snakke med ungdom.  Omsorgstelefonen har nummer 71 28 29 29 og er open kl. 08 – 14 alle kvardagar.

 

Helsesøster

Om de ønskjer det, kan de også ta kontakt med helsesøster Ellen Johansen.  Ho kan nåast på telefon 469 07 277.

 

Hente ting på skule eller internat

Vi har fått spørsmål om det er mogleg å komme innom for å hente ting på skulen eller internatet no når stenginga varer lenger.  Dette vil vi legge til rette for, men vi må sikre at berre 1 elev går inn om gongen.  De må difor ta kontakt med sentralbordet på tlf. 71 28 29 00 i tidsrommet 09.00 – 15.00 for å avtale kva tid de kan komme.

 

Kontakt heim

Vi som arbeider på Gjermundnes vidaregåande skule bryr oss om deg og vil at du skal ha det bra.  Vi bekymrar oss for deg når vi ikkje kan møte deg, og blir særleg bekymra dersom vi ikkje får tak i deg og du ikkje deltek i den digitale opplæringa.  Fordi vi bryr oss, kjem vi til å kontakte føresette dersom vi ikkje oppnår kontakt med deg.  Dette gjeld også om du er over 18 år.

 

Gode råd vidare

Vi forstår at situasjonen vi er i er krevjande, men oppfordrar til at de framleis er tålmodige og gjer gode val både for skuledagen og kvardagen din.

  • Logg deg på It’s learning kvar dag og til fast avtalte tider med lærarane.  Jobb godt med oppgåvene du får frå lærarane dine og lever innan fristen.
  • Ta pauser innimellom.  Hugs å få i deg godt med mat og drikke.
  • Hald kontakt med familie og vener gjennom skype, messenger, telefon eller andre digitale flater.
  • Veit du om nokon du trur er einsam er det spesielt fint om du kan ta kontakt med dei.
  • Få litt frisk luft kvar dag, og prøv å få gjennomført litt fysisk aktivitet.  Hugs å følgje råd om å halde avstand til andre.
  • Vask hendene dine grundig og ofte.
  • Oppretthald vanleg døgnrytme.  Legg deg tidleg og få nok søvn.

 

Ta godt vare på deg sjølv og dei rundt deg.  Vi vil ha alle friske og raske tilbake når denne situasjonen er over, og vi gler oss til å sjå deg på skulen igjen.

 

Med venleg helsing

 

Aina Tomren

Konstituert rektor