Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Om skulen

Om skulen
Gjermundnes vgs logo

Gjermundnes vgs har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.

Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar

Mekaniske fag
ill. Mekaniske Fag

Innanfor dei mekaniske faga har vi utvikla eit opplegg i samarbeid med industrien i kommunen.

Utdanninga kombinerer grunnopplæring på skulen med utplassering i den mekaniske industrien i kommunen. Saman tilbyr vi ei opplæring på eit fagleg høgt nivå.

ill. Naturbruk

Naturbruk

Skulegarden eig ca 300 dekar jordbruksareal, og leiger ca 100 dekar i tillegg. Jordbruksarealet er fulldyrka. Vi har også ca. 1200 dekar skog.

Skulegarden har moderne driftsbygningar og har teknisk undervisningsutstyr for jordbruks-, skogbruks- og hagebruksdrift.

ill. Hestelinjen
Hest

Dei siste åra har skulen satsa sterkt på utvikling av tilbodet innan hest. Vi har knytta til oss fagpersonar i Norgeseliten innan feltet. Vi har eit nært samarbeid med desse kreftene for å kunne gje opplæring innan hestefaget av ypperste klasse.

Skulen har stallplass til ca 20 hestar. Dette gjer det mogleg for elevane å ha med eigen hest til skulen.

Skulen har gode beiter, luftegard, treningsbane og rundpaddock for dressur.

Gjermundnes som samansett skule gir elevane ein god ballast for seinare studie og arbeid.

Kontaktpersonar

Aadne Runar Haarr Aadne Runar Haarr
Rektor
+4771282910 /
Mob. 91584305
Send e-post
Anne Elise Nilsen Wesnes Anne Elise Nilsen Wesnes
Ass. Rektor
+4771282911
Send e-post

Kontakt oss

Gjermundnes vidaregåande skule

Telefon: 712 82 900
E-post: gjermundnes.vgs@mrfylke.no

Besøks- og postadresse:
Gjermundnesvegen 200
6392 Vikebukt

Kart:

Oversiktskart