Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Om skulen > Gartneri

Gartneri

Gartneri

Veksthusproduksjon

Skulen har 900 m2 med veksthus, fordelt på tre avdelingar. I tillegg er det drivbenker ute som blir brukt til oppaling av utplantingsplanter. Veksthusproduksjonen er allsidig og med hovedvekt på utplantingsplanter, juleblomster og litt tomat og agurk.

Avdeling 1 blir første halvår for det meste nytta til oppaling av utplantingsplanter. Andre halvår til juleblomster og til andre potteplanter. Avdeling 2 blir brukt til sommarblomster og til julestjerner. Avdeling 3 blir brukt til sommarblomster. Resten av året blir avdelinga brukt til vedlikehald av særleg parkutstyr.

 

Frilandsproduksjon

Vi har eit allsidig utval av grønnsaker på friland. Arealet er på til sammen 4 dekar og blir brukt til gulrot, hovudkål, kålrot, knutekål, brokkoli, grønkål, purre, løk, salatløk, vårløk, knoll- og stangselleri osv. Insektnett rundt heile åkeren gjorde at det var minimalt med skade på produkta. Fiberduk vart lagt på grønsaksplantene etter utplanting for å unngå skade av grågåsbeiting. Kulturane kjem og raskare i gang om våren. Avlinga var bra i dei ulike kulturane.

Elevane på vg1 og vg2 står for planting, såing og hausting.

Det var 3 da med potet i 2017 og sortane vi sette var Folva, Astrix og Beate. Gode avlingar og både setting, opptaking, sortering og pakking vart gjort som elevarbeid. Vi kjøpte ein eldre Faun potetopptaker som vart brukt med bra resultat. Vi slit med mykje småstein i åkeren som gjorde at det vart noko mekanisk skade på potetane. Det er heilt nødvendig å investere i ein småsteinplukker skal skulen drive med radkulturer.

 

Utsalet

Alt som blir produsert i avdelinga blir selt frå skulen sitt eige utsal. Åpningstida er ein dag i veka og det er elevar saman med lærar som har utsalet som læringsarena. I høgsesongen, før jul og frå mai og fram til skuleslutt, blir åpningstida utvida ut over dette. Vi klarer på denne måten å følge produkta gjennom heile syklusen frå frø til salgbar vare noko som er lærerikt for elevane.

 

Kontaktpersonar

Ola Hage
Lærer
Mob. 986 46 668
Send e-post

Åpningstider

Tysdag-fredag: kl 12:00-18:30

Lørdagar 4.mai, 11.mai, 18.mai, 25.mai, 1.juni, 8.juni: 12:00-18:30

 

Telefon: 712 82 938