Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Om skulen > Korona 2020

Korona 2020

Korona 2020

Gradvis opning av dei vidaregående skulane

Frå 27.april opna skulane våre, i første omgång for elevar ved Vg2 yrkesfag og elevar ved Vg3 som følger yrkesfaglig løp. Det er programfaga/praktiske fag som vil bli prioritert for undervisning på skulen, og for dei fleste elevane vil undervisninga i fellesfag fortsatt skje digitalt med fjernundervisning. 

For å sikre at skulen kan gjennomføre en forsvarleg drift har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeida ein veiledar med råd og føringar til dei vidaregåande skulane. Veiledaren er gyldig frå 20.april, og vil bli oppdatert ved behov. Skulen har også utarbeide ein eigen lokal smitteveiledar. Desse finn du i høgremargen. 

Ei forsvarleg drift krevjer godt samarbeid mellom alle aktørar som har oppgåver i skulen, både personalet, skulehelsetjenesten, elevar og føresette. 

Nasjonale retningslinjer er:

  • Hald avstand og unngå handhelsing og klemming
  • Vask hendene med såpe og lunka vatn
  • Bruk desinfeksjonsmiddel på hendene i tillegg til vask med såpe og lunke vatn
  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre
  • Hald det reint rundt deg

Du kan lese meir om helsetjenestetilbodet ved skulen her

Sjå veiledningen fra Kollektivtrafikkforeningen her. 

Du kan også sjå meir informasjon frå fylkeskommunen her. 

 

Kontaktpersonar

Aadne Runar Haarr Aadne Runar Haarr
Rektor
+4771282910 /
Mob. 91584305
Send e-post