Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Om skulen > Kvalitetsarbeid

Kvalitetsarbeid

 Handlingsplan Gjermundnes vidaregåande skole 16 -  17

Handlingsplan 2016

Skolen må utvikle arbeidet med vurdering av skoleresultat frå PULS-databasen med tydeleg involvering av personalet i evalueringsprosessen av skoleåret. Denne evalueringa vil då gje eit grunnlag for utviklingsprosessar knytt til arbeidet med skolen sitt utviklingsprosjekt.

  • Tiltak:
    • Vurdering av skuleresultata frå PULS databasen skal gjennomgåast avdelingsvis.  Funn på avdelingsnivå som krev at særlege tiltak vert set i vert identifisert.  
    • Tiltak vert så å setje i verk avdelingsvis, leia av avdelingsleiar

Skolen har for svak gjennomføring på Vg1, Vg2- og Vg3-nivå. Sjølv om mange elevar som startar på skolen har svake resultat frå ungdomsskolen har skolen ei utfordring med gje ei betre tilpassa opplæring. Spesielt for Vg3 påbygging er gjennomføringsgraden alt for låg når ein samtidig ser at elevane oppfattar læringsmiljøet som godt. Bruken av «NyGIV»-metodikk i faga kan vere eit verkemiddel for å betre gjennomføring i fag.  Skolen må utarbeide tiltak for å betre gjennomstrømminga på skolen slik at gjennomsnittet for alle elevar som fullfører og består opplæringa blir minst 78%.

  • Tiltak:
    • FYR – (yrkesretting av fellesfaga) er sentralt i å auke gjennomføringa.  Skulen har etablert strukturar for dette arbeidet, og vi har gjort oss nytte av fylkeskommunen sit tilbod om opplæring av nøkkelpersonell.
    • Skulen har sterkt fokus på utarbeiding av gode individuelle opplæringsplaner for elevar som har trong for dette.  S
    • Skulen sitt arbeid med fokus på å utvikle klasseleiing er også ein viktig del av dette arbeidet
    • Skulen gjer seg også nytte av den rike opplæringsarenaen vi har til råvelde for å motivere til høgare gjennomføring
    • Arbeidet som vert gjort med oppfølging av elevane på ettermiddagstid i tilknytning til skulen sitt elevinternat er eit viktig element i dette arbeidet
    • Skulen har fokus på kontaktlærar si rolle i dette arbeidet
    • Skulen har eit nært og formalisert samarbeid med PPT Vestnes.  Som eit resultat av dette har skulen tilgang til høg helsefagleg og pedagogisk kompetanse som gjer tiltak og vurerer tiltak det det vert avdekka trong.
    • Skulen legg tiltette for at Helsesøster og OT koordinator får gjort arbeidet sitt til hjelp for nettopp gjennomføring.

Skolen må fortsatt arbeide systematisk med klasseleiing og regelhandtering. Fleire elevar melder om arbeidsuro i klassane, ulik regelhandtering på skolen, òg mellom utdanningsprogram. Det er difor ei oppgåve å utvikle nokre grunnleggjande reglar for pedagogisk praksis, klasseleiing og reglar som skal etterlevast av heile skolemiljøet.

  • Tiltak:
    • Ved Gjermundnes har vi sidan hausten 2012 arbeidd systematisk med klasseleiing. Resultat frå Elevundersøkinga har vist at skulen har hatt utfordringar på dette området. Analyser av dette førte til at det vart utarbeida ei prosjektplan med dette som fokus. 
    • Frå hausten 2015 vart dette prosjektet erstatte og delvis vidareført gjennom SkoleVFL.  Dette er eit etterutdanningskurs som er utarbeida av Høgskulen i Lillehammer etter oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.  Gjennom SkoleVFL skal alt pedagogisk personell gjennomføre ei modulbasert opplæring om Vurdering for læring.    Denne opplæringa skal gå over to skuleår, og ende opp i at alt pedagogisk personale skal ha fått ein høgda kompetanse vurdering for læring.  Det er eit mål at dette arbeidet skal føre til at organisasjonen har utvikla ein kultur som er med å fremme utvikling og læring på ein betre måte enn det vi har i dag.

 Skolen må utarbeide ei handlingsplan etter MTM-undersøkinga og følgje den opp med relevante tiltak

  • Tiltak
    • Resultat frå MTM granskinga hausten 2015 for Gjermundnes vgs og analysearbeid i etterkant har avdekt at det er trong for å bli betre med omsyn til leiarstruktur,  informasjonsflyt og møtestruktur i organisasjonen.    Det er sett ned to arbeidsgrupper som skal komme med framlegg om korleis dette kan bli betre.
      • Den eine gruppa skal legge grunnlaget for framtidig organisasjonsstruktur på skulen. 
      • Den andre arbeidsgruppa skal komme med framlegg til korleis informasjonsflyt skal struklturerast og komme med framlegg til  møtestruktur på skule. 
    • Målet med arbeidet er at det skal takast avgjersler på desse områda desember 2016.

Handsama i drøftingsmøte:  19.04.2017. Handsama i skuleutvalet  Gjermundnes vgs: 24.04.2017

24.04.2017.  Aadne Haarr. rektor

Plan for rusarbeid i skulen

Kontaktpersonar

Aadne Runar Haarr
Rektor
71282910 / Mob. 91584305
Send e-post

Dokument

Kvalitetsplanen mrfylke 2016- 2019
PDF-dokument - 813,84 kB
Årsmelding 14-15 Gjermundnes vgs
PDF-dokument - 1.001,50 kB
Årsmelding 15-16 Gjermundnes vgs
DOCX-dokument - 624,52 kB
Handlingsplan Gjermundnes vgs 16 - 17
DOCX-dokument - 136,73 kB
Handlingsplan Gjermundnes vgs 17 - 18
DOCX-dokument - 137,67 kB
Plan for arbeid mot rus i skulen
PDF-dokument - 1,66 MB