Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Skulestart > Skulestart

elever på tur ved en sjø

Skulestart

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart.

Er du ny elev ved skulen så bør du lese informasjonen under grundig. Det er verdt å merke seg at skulen ikkje lenger har ansvaret for skuleskyss. Om du treng skuleskyss så les avsnittet om skuleskyss lenger nede. 

 

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
1.juli

Frist for: 

- ettersending av vitnemål

- legge inn FØrehandssvar på vigo.no

- lege inn NYTT mobilnummer på vigo.no

ca 6.juli Svar på 1.gongs inntak
13.juli Svarfrist på 1.gongs inntak
ca 3.august Svar på 2.gongs inntak
6.august Svarfrist på 2.gongs inntak
19.august Skulestart
   

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

 

Kva du må gjere når du er teken inn som elev

Etter inntaket vil det automatisk verte sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass. Der får du beskjed om å logge deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til tilboden plass. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.

skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og engangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre dine opplysingar. NB! Passord til portalen blir sendt ut til deg seinast 23.07.

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng bl.a. for å legge deg i dei rette klassene/gruppene. Vi må vite kva matematikkvariant du ynskjer, kva framandspråk du ynskjer, om du skal gå toppidrett, kontaktinformasjon til føresette og om du skal ha elev-PC eller PC-stipend. Frist for val av elev-PC/PC-stipend er 1. september. Den andre informasjonen MÅ vi ha innan 29. juli.

 

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her. NB! Dersom du skal gå Teknikk og industriproduksjon vert det nytta programvare som kun kjøyrer på Windows. Elevar med Apple-maskiner må difor ordne seg med dette sjølv.

Alle elevar får gratis kontorstøtteprogramvre (Microsoft Office 365) som elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylke. Du kan lese meir om ordninga her

 

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

 

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

Kontaktpersonar

Aadne Runar Haarr Aadne Runar Haarr
Rektor
+4771282910 /
Mob. 91584305
Send e-post
Jorun  Frostad Jorun Frostad
kontorleiar
+4771282917 /
Mob. 90525795
Send e-post
Monika Aas
Arbeidsleder
+4771282925 /
Mob. 95924460
Send e-post
Siv Fremstedal Klauseth Siv Fremstedal Klauseth
Konsulent
+4771282918 /
Mob. 930 11 593
Send e-post