Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Skulestart > Skulestart > Viktige datoar

Viktige datoar

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
1.juli Frist for: - ettersending av vitnemål- legge inn FØrehandssvar på vigo.no- lege inn NYTT mobilnummer på vigo.no
5.juli Svar på 1.gongs inntak
12.juli Svarfrist på 1.gongs inntak
2.august Svar på 2.gongs inntak
5.august Svarfrist på 2.gongs inntak
19.august Skulestart
   

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Kva du må gjere når du er teken inn som elev

Etter inntaket vil det automatisk verte sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass. Der får du beskjed om å logge deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til tilboden plass. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.

På skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og engangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre dine opplysingar. NB! Passord til portalen blir sendt ut til deg seinast 23.07.

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng bl.a. for å legge deg i dei rette klassene/gruppene. Vi må vite kva matematikkvariant du ynskjer og  kontaktinformasjon til føresette og om du skal ha elev-PC eller PC-stipend. Frist for val av elev-PC/PC-stipend er 1. september. Den andre informasjonen MÅ vi ha innan 29. juli.

Dokument