Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Søknad og Inntak > Skulestart - orientering

Skulestart - orientering

Til elevar skuleåret 2017/2018

Orientering i samband med skulestart hausten 2017

 

Vi viser til melding frå inntakskontoret der du er tilboden plass som elev ved Gjermundnes vidaregåande skule.

 

Skulestart

Skulen byrjar etter ferien for elevane måndag 21. august kl. 10.00 med oppmøte i Gymnastikksalen.  Første skuleveka følgjer eigen plan, som blir delt ut første skuledag.  Skuledagen er lagt opp med 7 timar mellom        kl. 07.45 – 14.35.

For dei som skal bu på skulen sitt internat, vert det høve til å flytte inn søndag 20. august. Vi vil då ha personar til stades for å ta imot elevar i tidsrommet kl. 16.00-19.00.  Det vert servert kvelds til elevane.

Lærebøker og PC

Alle elevane på vidaregåande skule får lånt nødvendige lærebøker av skulen.  Alle elevane skal ha eigen berbar PC.  Møre og Romsdal fylkeskommune har ei ordning for kjøp av PC til Vg1-elevar. Vel du å bruke eigen PC, bør den ha tilnærma same spesifikasjonar som PC-en du får gjennom leigeavtalen.  Du vil få ein sms når du har fått tilbod om skuleplass. Då kan du logge deg inn på skolestart.mrfylke.no  og legge inn bestilling av PC/PC-stipend, etter at du har takka ja til skuleplass.

Arbeidskle og personleg utstyr:

  • Vg1 TIP og Vg2 PIN skal ha med høvelege arbeidsklede og noko annautstyrved skulestart. Sjå eige skriv om dette.
  • Vg1 og Vg2 programområde Naturbruk skal ha med arbeidsklede (kjeledress eller jakke og bukse), høvelege regnklede og gummistøvlar.  Elevane må rekne med øvingar ute i all slags ver.

Verneutstyr

Verneutstyr som hørselsvern, hjelm og briller får eleven utlevert av skulen. Eleven har ansvar for utlevert utstyr, og må sjølve erstatte dette om det vert øydelagt grunna feil bruk eller kjem bort.  Skogsverneutstyr vert utlevert framfor kvar øving.  Ynskjer nokon å ha med eige personleg skogsverneutstyr, er det lagt til rette for dette. Vernesko og kjeledress er å rekne som personleg verneutstyr, og eleven får utstyrsstipend som skal dekke kostnadane med dette.

VIP Makkerskap

​Nytt av skuleåret 2016/2017 er VIP-makkerskap, eit tiltak for betre læringsmiljø. Skulestart er avgjerande for elevane sitt vidare læringsmiljø. Klassa vert delt inn i makkerskap (to personar) frå første skuledag. Disse makkerskapa høyrer igjen til ei makkergruppe.  Makkerar skal ha oppgåver i forhold til kvarandre og jobbe ilag i timane. Det er viktig å understreke at VIP-makkerskap handlar om å vere ein god kollega. Det er eit prosjekt som førebur ein på arbeidslivet, ikkje eit påtvinga vennskapsprosjekt.

Anna

Det vil bli teke skulebilete av alle elevane ein av dei første skuledagane (til skulebevis og skulekatalog).

Dersom du ønskjer plass ved internatet eller søkjer om stallplass, ber vi deg fylle ut vedlagte søknadsskjema og returnere dette til skulen innan 1. august! Du vil også finne søknadsskjema og annan informasjon på heimesidene til skulen. www.gjermundnes.vgs.no

 

Velkommen til Gjermundnes!

 

Gjermundnes 02.07.2017

 

Aadne Haarr

rektor

Kontaktpersonar

Bodil Skjegstad
Konsulent
71282917 / Mob. 93625673
Send e-post
Marit Karin Årseth Vike
Lærer
71282915
Send e-post

Dokument

Skulestart - info 2017
DOCX-dokument - 87,71 kB
Praktiske opplysningar elev- 17-18
DOC-dokument - 1,46 MB
Utstyrliste TIP og PIN 17-18
DOC-dokument - 1,45 MB
PC-ordninga 2017
PDF-dokument - 1,41 MB
Internat - info og reglement - 17-18
DOCX-dokument - 93,16 kB
Skulerute 2017-18
DOC-dokument - 2,16 MB
Søknadsskjema internatplass 17-18
DOCX-dokument - 90,02 kB
Søknadsskjema internatplass helg 17-18
DOCX-dokument - 84,70 kB
Hest - reglar bruk 17-18
DOC-dokument - 1,45 MB
Hest - stallplass avtale - 17-18
DOC-dokument - 1,45 MB
Rustesting - samtykke skjema
DOCX-dokument - 42,65 kB