Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Studietilbod > Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Utdanninga innan teknikk og industriell produksjon skjer i nært samarbeid med næringslivet i Vestnes kommune. 

Vi har etablert eit nært og godt samarbeid med den lokale industrien, då særleg innan skipbygging, men også andre mekaniske verksemder. Dette samarbeidet gir elevane våre ein sjanse til å prøve seg i ulike fag innan mekanisk industri.

  • Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er òg viktig.
  • Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innanfor teknisk industri, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrke, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.