Digitale tenester og læremiddel

 

SkoleArena er karakter- og fråværssystemet til elevar og lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine, og du kan sjølv melde fråver og sjekke at alt er rett ført.

Vi  anbefaler at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle merknader i orden og oppførsel blir også ført her. Foreldre/føresette har eiga pålogging.

Office 365 (Word, Excel, PowerPoint..) får elevane gratis av fylkeskommunen så lenge dei er elevar under vidaregåande opplæring.

Dei fleste nyare PC-ar kjem med Office-pakka forhåndsinstallert og ein treng berre å logge på med ei spesifikk adresse. 

Adressa er <FEIDE-brukarnamn>@o365.mrvgs.no og FEIDE-passordet ditt. 

Har du ikkje forhåndsinstallert Office-pakka på maskina di eller har Mac, kan du laste ho ned på office.com. Logg inn med <FEIDE-brukarnamn>@o365.mrvgs.no og FEIDE-passord. 

Itslearning er læringsplattforma (LMS) til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I itslearning kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum

På Nasjonal digital læringsarena (NDLA) finn du gratis digitale læringsressursar i mange fag. NDLA tilbyr også fleire andre ressursar, for eksempel opplæring i korleis du lagar blogg, video, tankekart m.m.

 

Nettet på skolane skal brukast til læring i fag.

Gode råd:

  • Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga.
  • Gå aldri frå maskina di utan tilsyn.
  • Lås datamaskina di inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje passar på den sjølv.
  • Snakk med dei føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekke tapet.
  • Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (Vi anbefalar minst 8 tegn + store og små bokstavar og tal.)
  • Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din. 

Sjå også IKT-reglementet som er ein del av ordensreglementet for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.