Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC.
Frå hausten 2020 finst ikkje lenger PC-stipendet. Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng likevel ei bærbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Derfor kan du velje fylkeskommunen si PC-ordning. Da får du ei bærbar datamaskin med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di.
Skjer det noko med datamaskina di i denne perioden, blir ho reparert gratis. Husk at all nødvendig programvare, som til dømes officepakka, får du gratis frå skolen, uavhengig om du nyttar deg av PC-ordninga eller ikkje.