Helsetenester

Helsesykepleier:

Helsesjukepleiar har treffetid på skulen. 
Torsdagar kl 12:00-14:00.
Drop-in eller send SMS for avtale.

Helsestasjon for ungdom (HFU):
Elevar fra Gjermundnes kan også komme hit.
Her er både helsesjukepleiar og lege tilstades for konsultasjon.
Tirsdagar kl. 15:00-17:00. (lege mellom kl 16:00-17:00)
Stad: Vestnes helsestasjon. Sentrum

Hjelpetelefoner:

Mange ungdommar har hatt det vanskeleg over lenger tid, og for nokon kan situasjonen no føre til at dei er meir sårbare. Dersom du er ein av dei som strevar enten i forhold til busituasjonen heime, eller av andre grunnar synest livet er vanskelegare, så finns det anonyme hjelpetelefonar som ein også kan ta kontakt med. Det kan være første skritt på vegen til å få hjelp.

  • Alarmtelefon for barn og unge: 116 111 Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som er utsatt for vold, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er døgnope i samband med korona-situasjonen. 
  • Kors på halsen er eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Der kan du snakke om det du er opptatt av, uansett tema. Du kan velge om du vil ringe, chatte, eller sende epost. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14:00-22:00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.   
  • BarSnakk.no er eit chattetilbod til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag frå kl 17:00-20:00 og du kan skrive anonymt om det du er opptatt av. Tilbodet er drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.   
  • SnakkOmPsyken.no er Blå Kors sin chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. Opningstida er måndag - torsdag frå kl 09:00-21:00, fredag frå kl09:00-15:00, og søndag frå 15:00-21:00.
  • UngPrat.no er ein samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag kl 09:00-21:00.
  • Redd barna - her kan du få hjelp 
  • Hjelpetelefonen - Mental helse ungdom

 

Ellen Johansen
Fung. helsesjukepleiar i prosjektstilling
Spesialfysioterapeut barn og unge
Mob: 46907277 
Send e-post

Treffetid: 
Sted: Bibliotekkontoret (rom A209) i 2.etg på hovedbygget