Søknad om internatplass for skuleåret 2021-2022

Her kan du søkje om internatplass. Skjemaet er elektronisk og du vil motta ein kopi på oppgitt epostadresse under. 

Kjem du inn på 1. inntaket så er søknadsfristen for internatplass 1. august. Andre søkjarar sender inn søknad om internatplass så snart dei har fått tildelt skuleplass. 

Standard tilbud

Gjermundnes vgs har eit butilbod ved skulen som er tilpassa elevar ved skulen som ikkje har trong for særskild oppfølging. Oppfølging frå vaksne er dimensjonert slik at det i gjennomsnitt er ein tilsett til dei 80 internatbuarane det er plass til. Denne bemanninga er tilgjengeleg i skuleveka og utanom vanleg skuletid. Arbeidstida til miljøarbeidar/nattevakt er frå skuleslutt ettermiddagen til skulestart morgonen etter, måndag til fredag. Ei slik bemanning gjev ikkje rom for større individuelt tilsyn. Det er også ein føresetnad at eleven rettar seg etter gjeldande reglar og sanksjonar slik dei er presentert i ordensreglementet.

Sett deg inn i internatreglane våre, dei finn du her

Internatplass er eit ikkje lovpålagd tilbod. Vi har omlag 80 internatplassar. Elevar som ikkje får plass på internatet må bu ein annan stad. Skuleplassen ved Gjermundnes vgs og rettighetane til eleven etter opplæringslova, er ikkje påverka av kvar eleven bur.

Pris for hybel med felles toalett, og gang,         kr. 4 950,- pr.mnd

Eit depositum tilsvarande månadsleige må innbetalast før du får flytte inn.

Internatplass vert tildelt etter søknad på eige søknadsskjema. Internatplass består av:
• standard hybel der eleven deler forgang og wc med ein medelev.
• tilgang til fellesareal som aktivitetsrom, trimrom og garderobar
• matservering: frukost, middag og kveldsmat
• tilsyn: miljøarbeidar/vakt utanom vanleg skuletid

Internatet er stengt i feriane, på helg og på fridagar. 

Elevar med trong for ekstra helse- og omsorgstenester utanom skuletida

Det er kommunen som har ansvar og mynde til å tilby helse- og omsorgstenester i samsvar med lovverket om dette. Gjermundnes vgs har ikkje slikt ansvar og mynde.
Treng eleven meir oppfølging/tilsyn i fritida enn det bemanninga på internatet gjev rom for, må den føresette ta opp dette med den kommunen som har ansvar for å tilby slike tenester.

Dersom den kommunen som har dette ansvaret ynskjer å involvere Gjermundnes vgs i planlegginga av eit slikt tilbod, må kommunen ta kontakt med Gjermundnes vgs.

 

Søknad om internatplass

Alle felt med * må fyllast ut. 

ELEVINFORMASJON

FØRESETTINFORMASJON

Føresettinformasjon til elevar som ikkje er fylt 18 år ved skulestart.

EKSTRA OPPFØLGING

INTERNATPLASS

Dokumenter

Kontakt