Digital skole for alle elevar og tilsette onsdag 31. januar
Elevane på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal ikkje møte på skolen onsdag 31. januar.
Årsaka er at Meteorologisk institutt har sendt ut raudt farevarsel om ekstreme vindforhold. Tilrådinga frå myndigheitene er å halde seg heime mens orkanen herjar.
På grunn av varsel om ekstremvær blir det nettskule ved alle dei vidaregåande skulane i morgon. Elevar som bur på internatet kan reise heim i kveld eller i morgon tidleg viss dei ønskjer og har moglegheit til det. Det er sendt melding om dette til alle elevar og til føresette under 18. Dei har fått beskjed om å gi internatleiar melding viss dei vel å dra. Vi får ny beskjed i morgon om kva tid det er forventa at dei møter fysisk på skulen igjen. Avdelingsleiarane tar kontakt med sine tilsette med meir info.
Alle elevar må logge seg på Teams ved skulestart i morgon tidleg. Lærarane vil ta kontakt med dykk der.