Gjermundnes vgs fekk ekstratilskot på nesten ein million kroner!

Som eit ledd i satsing på yrkesfag, sette regjeringa i 2021 av totalt 77 millionar kroner til ei tilskotsordning som alle vidaregåande skular i landet kunne søke på. 


 

Skriv ut

Tilskotet skulle tildelast søkarar som hadde ønske om å kjøpe framtidsretta utstyr som skal bidra til ein god og relevant yrkesfagleg opplæring. Mottakarane av tilskotet vart tilfeldig trekt ut av søknadsbunken.  

Like før jul fekk Gjermundnes Vidaregåande beskjed om at vårt søknad om midlar til å kjøpe ny traktor var trekt ut, som ein av fem skular frå Møre og Romsdal, og vi fekk tildelt kr. 980.000,-.

Dette var litt av ei overraskande og kjærkommen julegåve!