Informasjon til elevar og føresette om Spekter

Gjermundnes vidaregåande skule gjennomfører kvart år Spekter som ledd i arbeidet med å kartlegge læringsmiljøet i klassane.

Skriv ut

Spekter er ei undersøking utvikla av Læringsmiljøsenteret i Stavanger som eit pedagogisk verktøy til bruk i skulen for å jobbe med helse, miljø og tryggleiken til elevane.  Det er ifølge Opplæringslova kapittel 9A  ein del av skulen sitt mandat og plikt å innhente viktig informasjon om elevane sitt læringsmiljø.

Spekter er eit ikke-anonymt verktøy, men det er berre kontaktlærarar og medlemmane i skulen sitt innsatsteam mot mobbing som får tilgang til resultata frå undersøkinga. Elevar som melder om at skulemiljøet ikkje opplevast trygt og godt, får oppfølging i etterkant. Alle elevdata blir sletta ved slutten av skuleåret.

Kontakt