Intervju med tidlegare elev Liv Fredskild

Liv Fredskild er 29 år og er frå Kaupanger i Sogndal kommune. Ho gjekk Vg1 Naturbruk og Vg2 Hest- og hovslagar (no Hest- og dyrefag). Etterpå tok ho fagbrev i hestefaget. I dag er ho busett i Volda og arbeider som ungdomskulelærar. 

Skriv ut
Kvifor valgte du å søke deg til Gjermundnes vgs?

-Eg valgte Gjermundnes vgs. fordi eg ville holde på med hest, og eg visste at Bjørn Kjersem og Stian Pedersen var lærarar på hestelinja der. Dei er store forbilder for meg. Det var altså hesteinteressa som gjorde at eg valgte Gjermundnes vgs.

Kva var fint med å være elev ved Gjermundnes vgs?

-Det var mykje som var fint med å vere elev ved Gjermundnes vgs. Det var kjekt å få bryte opp skuledagane med mykje praktiske fag, og å få undervisning frå forbildene mine i hestefaga. Det var veldig fint å bu på internatet saman med dei fleste andre frå klassen og skulen. Samhaldet og det sosiale både i stallen og ellers på ettermiddags- og kveldstid er også eit godt minne.

Kva er det viktigste av kunnskap/ferdigheter du har tatt med deg frå din utdanning frå videregående inn i utdanning/arbeid/fritid?

-Det viktigaste eg har teke med meg vidare til mitt noverande arbeid er å sjå kor viktig og nyttig det er å ta ei praktisk utdanning. Det å ha mogelegheita til å halde på med praktisk arbeid gjennom Vgs. og likevel kunne ta høgare utdanning meiner eg er viktig å få formidla for å forhindre at elevar droppar ut frå skulen.

Det viktigaste som eg har med meg til hobbyen min, islandshest, er hestehandteringa/temjinga. Eg lærte kor viktig det er med leiarskap ovanfor hesten for å klare å handtere slike store dyr på ein rettferdig måte som gjev trivsel for både dyr og folk. Eg må også nemne det gode hestemiljøet i Vestnes som eg kom godt inn i gjennom åra eg var elev ved Gjermundnes vgs. Her føler eg meg framleis velkommen sjølv om det er lenge mellom kvar gong no.

Kvar fekk du vite om Gjermundnes vgs sine studietilbud?

-Eg fekk vite om Gjermundnes sine utdanningstilbud via venner som tidlegare hadde vore elevar ved skulen.

Kva slags utdanning har du valgt etter at du var elev på Gjermundnes vgs.?

-Etter at eg var ferdig på Gjermundnes vgs. tok eg fagbrev i hestefaget. Då fagbrevet var i boks starta eg på grunnskulelærarutdanning (5.-10.klasse).

Kva slags yrke har du no?

-No jobbar eg som lærar på ungdomsskulen i Volda.

Kva er ditt beste minne frå tiden som elev ved Gjermundnes vgs?

-Her er det ikkje nok å nevne berre eit minne, eg må ta med tre:

  • Temmeprosjektet i Hjelvika med Bjørn og Stian. Veldig lærerikt og noko eg har hatt svært god nytte av seinare i livet. Gjennom dette prosjektet lærer ein mykje både om hestehandtering og om seg sjølv som person.
  • Skituren til Vakkerstøylen med Vg3 naturforvaltning. Vi var ei lita klasse med godt samhald og ein dyktig lærar! Vi gjorde mykje kjekt som kunne vore trekt fram som minne, men denne skituren heng nok høgast.
  • Vennskapa som vart skapt gjennom livet på internatet og gjennom alle dei praktiske undevisningsøktene der samhald og samarbeid er så viktig! Dette er vennskap som varer livet ut!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.