Intervju med tidligare elev Magnus Nerheim
Magnus er 28 år og kjem frå Tresfjord i Vestnes kommune. Han har utdanna seg til agronom og jobbar som fagarbeider på garden ved Gjermundnes vgs. Agronom er ei treårig utdanning og Magnus har teke alle tre åra ved Gjermundnes vgs.
Kvifor valgte du å søke deg til Gjermundnes vgs?
-Det var på grunn av den store lidenskapen for landbruket og interessen av å drive gard. Å jobbe med dyr har vore ein del av livet mitt sidan eg var liten.
Kva var fint med å være elev ved Gjermundnes vgs?
-Det fine var at det var ingen dagar som var like, men godt variert med å vere inne på klasserommet, vere ute i praksis og ein eller anna utflukt med klassen. Og så må eg nemne at det å bli kjent med så mange nye folk har vore fantastisk.
Kva er det viktigste av kunnskap/ferdigheter du har tatt med deg frå din utdanning frå vidaregåande inn i utdanning/arbeid/fritid?
-Det er vanskeleg å velge noko spesielt fordi eg har hatt bruk for alt eg har lært her.
Kvar fekk du vite om Gjermundnes vgs sine studietilbod?
-Eg hadde i grunnen visst om Gjermundnes og kva slags studie det var i lang tid. Eg hadde også venner som gjekk her før meg og som hadde mange positive opplevelsar og mykje positivt å seie om skulen.
Kva slags utdanning har du valgt etter at du var elev på Gjermundnes vgs.?
-Det vart ikkje noko meir utdanning på meg, sida eg fekk jobb her på Gjermundnes rett etter at eg vart ferdig med skulen.
Kva slags yrke har du no?
-Eg er fagarbeider som det så fint heiter, her på Gjermundnes Vgs. Eg jobber med det daglege stellet av dyra i fjøsen og driften av garden her.
Hva er ditt beste minne fra tiden som elev ved Gjermundnes vgs?
-Det er så mykje å velge av så det blir vanskeleg å velge. Det sosiale livet her har vore fantastisk og eg har fått mange gode venner. Faktisk så vart to av mine beste venner som eg vart kjent med i løpet av skuletida, fadder til guttungen min.🤠