Kantina vår er berre fantastisk!
Kantina vår er eit viktig knutepunkt i skulekvardagen. Den er sjølvsagt heilt nødvendig fordi vi har ca. 70 internatelevar som bur på internatet og et alle måltida sine her, men den er også ein viktig sosial arena for alle elevar og tilsette.
Det å få servert heimebaka brød til frokost er ikkje "kvardagskost" for alle, men det får vi på Gjermundnes vgs! Og mykje anna godt som fristar oss når dufta frå nylaga bakverk og god middagslukt kjem sigande uti skulegangane.
Elevane som bur på internatet får frokost, lunsj, middag og kveldsmat som ein del av internatopphaldet. Har nokon matintoleranse eller matallergi så kan det tilpassast den enkelte mot eit lite tillegg i internatprisen.
Andre tilsette og elevar kan kjøpe seg mat og anna frå kantina sitt vareutvalg.
Kantina er åpen i alle friminutt og ellers til alle måltider knytta til internatopphaldet. Utenom måltidene kan ein kjøpe seg baguetter, ulike melkeprodukter som yoghurt og rislunsj, is/kaffe/te/melk/juice. I tillegg har vi eit lite utvalg av kioskvarer.
Og du - ingen onsdag uten nysteikte Gjermundnessveler!