Lokal venteliste til Gjermundnes vgs
Her finn du informasjon om ventelister ved inntak til Gjermundnes vgs hausten 2022
For å registrere deg på lokal venteliste, må du sende epost til gjermundnes.vgs@mrfylke.no
E-posten må innehalde følgjande informasjon:
0 Fullt navn
0 Fødselsdato
0 Mobilnummer
0 Kva utdanning du ønskjer å stå på venteliste til
0 Kva elevstatus har du? Ungdomsrett/fullføringsrett/ikkje rett eller vaksenrett?
I tillegg treng vi følgjande informasjon (dette kan sendast i posten eller leverast direkte til skulen):
0 Fødsels- og personnummer
0 Vitnemål/kompetansebevis treng vi for å rekne karaktersnittet ditt. Kopi sendast i posten eller leverast til skulen.
o For plass på vg1, trengs vitnemål frå 10.klasse
o For plass på vg2, trengs kompetansebevis frå vg1
o For plass på vg3, trengs kompetansebevis frå vg2.
Informasjon om inntaksprosessen:
Vi har ikkje anledning til å ta inn elevar frå venteliste før etter at 2. inntaket er klart. I tillegg må vi ha fått klarsignal frå kompetanse- og næringsavdelinga. Erfaringsmessig vil dette kunne skje først frå ca. 16. august og det er etter skulestart at dei fleste elevene varslar om at dei seier frå seg plassen ved skulen.
Vi må ta inn elevar frå ordinær venteliste før vi kan begynne å ta inn frå lokal venteliste. Derfor kan det hende du ikkje høyrer frå oss før etter at skulen har starta. Om det ikkje blir ledig plass til deg, vil du uansett få eit svar frå oss.
Inntak frå lokal venteliste blir gjort ut i fra elevstatus, karaktersnitt og dato/klokkeslett når det ble meldt frå om å stå på lokal venteliste, i den rekkefølgen