Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet
Vi har både mobbeombod, elev- og lærlingombod og studentombod i Møre og Romsdal. Les meir om kva oppgåvene deira er, korleis dei kan hjelpe barn, elevar, lærlingar og studentar og korleis du kan ta kontakt.
Mobbeombod arbeider for barn og unge i alle barnehagar og grunnskolar i Møre og Romsdal. Alle barn og unge som går i barnehagen og på skolen har rett til å ha det bra, og den viktigaste oppgåva til mobbeombodet, er å passe på at denne retten blir oppfylt.
Går du på vidaregåande? Elev- og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.
Kva kan mobbeombodet hjelpe til med?
Mobbeombodet kan hjelpe med mange ting som handlar om barn og unge sin rett til å ha det trygt og godt i barnehagen og på skolen, som for eksempel:
- vere ein samtalepart for barn, ungdom, føresette og alle som jobbar med barn og unge, i små og store spørsmål som gjeld mobbing og psykososialt miljø i barnehage og skole.
- gi råd om korleis du kan gå fram om du, barnet ditt eller nokon du kjenner, ikkje har det bra i barnehagen eller på skolen
- rettleie og skape dialog i fastlåste konfliktar
- bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre og andre
Mobbeombodet er uavhengig og talar barna og elevane si sak.
Kven kan kontakte mobbeombodet?
Alle som ønsker hjelp eller rettleiing i ei mobbesak kan kontakte mobbeombodet. Det kan vere elevar eller føresette, men også lærarar, rådgivarar og skoleleiarar. Mobbeombodet har teieplikt og kan ikkje gå vidare med det du seier utan at det er greitt for deg.
Korleis kan eg kontakte mobbeombodet?
Elev- og lærlingombodet
Elev- og lærlingombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. Ombodet har teieplikt, og er meint som eit gratis lågterskeltilbod til ungdommar i vidaregåande opplæring.
Kva kan elev-og lærlingombodet hjelpe til med?
Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon og dine rettar som elev i vidaregåande skole eller lærling. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saken din vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere. Hugs at ordninga med elev- og lærlingombod er gratis, og at ombodet har teieplikt. Ombodet tek ikkje saken din vidare utan at du har samtykka til det.