Skulen går over til raudt nivå

 

Gjermundnes vidaregåande skule går over til raudt nivå etter "trafikklysmodellen" frå  onsdag 15. desember. Plana gjeld i 4 veker framover, dvs.  til og med onsdag 12. januar -22.

 

Skriv ut

Informasjon til alle elevar: Plan for gjennomføring av undervisning/skulekvardagen når skulen er over på raudt nivå 

  • Skule med raudt tiltaksnivå fram til helga.  Fredag har vi komprimert timeplan med «fredagslunch» og heimreise til jul kl. 14:00.
  • Munnbind er påbudt brukt i all kollektivtransport.  Dette gjeld også for skuleskyss.
  • Måndag 20. og tysdag 21 er det «heimeskule» med digital undervisning i Teams med link til kvar undervisningstime i Its’learning-kalenderen.  Undervisninga følgjer vanleg timeplan.
  • Skulen tek til etter jul med vanleg oppmøte på Gjermundnes tysdag 4. januar.   Dersom smittesituasjonen endrar seg kan det komme ny beskjed om oppstarten etter jul på Its’learning. 

Ved raudt tiltaksnivå skal du:

  • Vere heime om du er sjuk
  • Halde avstand og halde deg til di eige gruppe (redusere nærkontaktar)
  • Hald god hygiene (kontrollert hosting og god handvask)
  • Bruk munnbind på buss og elles der du ikkje klarer å halde meteren. Munnbind får du på ekspedisjonskontoret eller på kjøkkenet.

Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål.

Snarvegar

Kontakt