Sørg for å ta ein koronatest før du skal på skolen!

Oppmoding til elevar og tilsette i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal: Sørg for å ta ein koronatest før du skal på skolen.

Skriv ut

Skulestart Gjermundnes januar 2022 - Coronatiltak

Måndag 10. januar er det vanleg skule med oppmøte etter timeplana, og internatet opnar søndag ettermiddag 9. januar.

Alle elevar og tilsette skal teste seg mindre enn 24 timer før de møter på skulen eller internatet etter juleferien. Er den positiv, skal du vere heime.  Dei som har gjennomgått covid-19 de siste 3 månader, og dei som har fått oppfriskingsdose for meir enn en ei veke sidan, treng ikkje teste seg (Udir og FHI). 

Korleis skaffar du deg hurtigtest?

  • Legesenteret ved Vestnes kommune deler ut sjølvtestar til elevar og tilsette ved Gjermundnes vgs.  Andre kommunar har eigne utleveringsstadar og eigne reglar rundt dette.  Sjå heimesidene eller ta kontakt med din kommune.
  • Du kan få utlevert ein sjølvtest ved skulen i kontortida torsdag 6. og fredag 7. jan.
  • Alle kan kjøpe seg ein eigentest på eit apotek (omlag 90 kr)

Har du ikkje testa deg før du kjem til skulen så ta kontakt med kontoret/nattevaktkontoret det første du gjer.  Du vil då få utdelt sjølvtest som må vise negativt utslag før du tar kontakt med andre på skulen. Nattevaktkontoret er bemanna frå kl. 17.00 søndag 9. januar. 

NB! Har du coronasymptom skal du ikkje komme til skulen (vondt i halsen, forkjøling, lett hoste, nedsett smak og luktesans)

 

Grunnleggande smittevernråd

  • Sjuke personar skal ikkje være på skulen. Det aller viktigaste smitteverntiltaket er at sjuke personar held seg heime.
  • God hygiene. Hostehygiene er viktig for å avgrense dråpesmitte, mens handhygiene er viktig for å hindre kontaktsmitte.
  • Godt reinhald. Godt reinhald forebygger kontaktsmitte.

Det er framleis raudt beredskapsnivå!

Velkommen tilbake til Gjermundnes!