Åpningstider:
Måndag – fredag: kl 12.00 – 18.00
Laurdag 5.12 | 12.12 | 19.12: kl 10.00 –15.00
Kontakt: 712 82 938
Epost: gjermundnes.gartneri@mrfylke.no
Skulen har 900 m2 med veksthus, fordelt på tre avdelingar. I tillegg er det drivbenkar ute som blir brukt til oppaling av utplantingsplanter. Veksthusproduksjonen er allsidig og med hovudvekt på utplantingsplanter, juleblomar og litt tomat og agurk.
Vi har eit allsidig utval av grønnsaker på friland. Arealet er på til sammen fire dekar og blir brukt til mellom anna gulrot, hovudkål, kålrot, knutekål, brokkoli, grønkål, purre, løk, salatløk, vårløk og knoll- og stangselleri.
Alt som blir produsert i avdelinga blir selt frå skulen sitt eige utsal.
Opningstider er ein dag i veka. I høgsesong før jul og vår/sommar er det utvida opningstider.