Internat

Vi kan tilby omlag 70 elevar internatplass. 

Internatet ligg på skulen sin eigendom og husar omlag 70 elevar fordelt på to internatblokker. Her bur dei saman to og to i ein dublett med felles gang og toalett. I same korridor er det 12 dublettar med felles dusj og kjøkken. 

Elevane vert serverte middag og kveldsmat mandag-torsdag i kantina og må smøre seg lunsj kvar dag. Fredagar vert det kun servert varm lunsj og ikkje middag.

Standardtilbud

Tilbodet om internatplass ved Gjermundnes vgs er tilpassa elevar som ikkje treng særskilt oppfølging. I gjennomsnitt er ein tilsett som følger opp dei 80 internatbuarane. Denne bemanninga er tilgjengeleg i skuleveka og utanom vanleg skuletid, frå skuleslutt om ettermiddagen til skulestart morgonen etter, måndag til fredag. Ei slik bemanning gir ikkje rom for større individuelt tilsyn. Det er ein føresetnad at eleven rettar seg etter gjeldande reglar og sanksjonar i ordensreglementet.

 Internatplass består av:
• standard hybel der eleven deler forgang og wc med ein medelev.
• tilgang til fellesareal som aktivitetsrom, trimrom og garderobar
• matservering: frukost, middag og kveldsmat
• tilsyn: miljøarbeidar/vakt utanom vanleg skuletid

Internatet er stengt i feriane, på helg og på fridagar.

Vi har omlag 80 internatplassar. Elevar som ikkje får plass på internatet må bu ein annan stad. Internatplass er eit ikkje lovpålagt tilbod. Skuleplassen ved Gjermundnes vgs og rettane til eleven etter opplæringslova, er ikkje påverka av kvar eleven bur.

Nattevakta/internatleiar har telefonnummer 712 82 999 eller mobil 974 34 946.

Skal du bu på internatet må du hugse å søke internatplass. 

Skal du opphalde deg på internatet i helga? Då må du søke om helgeopphald her. 

Dokumenter

Kontakt