Vaksenagronomkurs
Gjermundnes vgs tilbyr agronomutdanning for vaksne etter Nasjonal modell for vaksenagronomen.
Kurset er i samsvar med «Nasjonal modell for voksenagronomen». Denne er nærare gjort greie for i skriv Lmd.dep 18/1079-2 som du finn på i høgremargen. Følgande kriterier skal då vere oppfylt:
- Opplæringa skal fordeles over to år og ha et faglig innhald i tråd med læreplanane på Vg2 landbruk og gartnarnæring og Vg3 landbruk. Fullført opplæring gir yrkestittelen agronom.
- Tilbodet skal være organisert som samlingar i kombinasjon med nettundervisning. Om lag 20 prosent av timekravet i læreplanen skal nyttas til samlingar, dvs. gjennomsnittlig mellom 160-185 timer i løpet av skuleåret. Av disse skal minst en tredel være i form av praktiske øvingar.
- Tilbodet skal ha en nedre aldersgrense for opptak som er 25 år
- Tilbodet er gratis
- Dette er ei komprimert utdanning som inneheld landbruksfaga frå vidaregåande skule. Studiet er bygd på 2-dagars samlingar, nettbasert undervisning med oppgåveløysing, og sjølvstudium.
Innhaldet i kurset:
Undervisninga blir lagt opp etter læreplanane for programfag for Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk, sjå linkar til udir.no nedanfor.
Første året planlegg vi å ta Vg2-faga og eitt fag frå Vg3:
- Forvaltning og drift frå Vg2 = økonomi og naturforvaltning
- Produksjon og tenesteyting frå Vg2 = husdyr, plante, teknikk og skog
- Maskiner og teknologi i landbruk frå Vg3
Andre året er det Vg3-fag:
Inntakskrav
Nedre aldersgrense for opptak er 25 år. For å få oppnå formell kompetanse krevst det noko meir, sjå avsnittet nedanfor.
Vitnemål eller kompetansebevis etter gjennomført kurs
Beviset på formell agronomkompetanse er vitnemål frå fullført og bestått 3-årig landbruksutdanning i vidaregåande skule. For å få vitnemål etter vaksenopplæringskurset, må ein i tillegg til å fullføre og bestå alle faga i kurset ha følgjande:
- Kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule. 5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag dersom søkjaren er 25 år eller eldre (Forskrift til
- Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje fyller dette kravet, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering ved inntak.
- Yrkesfagleg fordjuping (YFF) Vg2. Dette faget er ikkje teke med i vaksenopplæringskurset vårt, men det kan erstattast med 526 timar dokumentert landbrukspraksis eller evt. fag frå studieførebuande utdanning.
Alle vil likevel få dokumentasjon på gjennomført opplæring: Dei som ikkje fyller krava til vitnemål får kompetansebevis som syner dei faga og eksamenane som er fullført.
Kva kostar det?
Kurset vart gratis frå 2019.
Overnatting
Skulen har 6 rom med høveleg god standard tilgjengeleg på internatet til overnatting. I tilknyting til desse romma er det eit enkelt fellesrom med kjøkkenfasilitetar. Her kan dei som leie rom ordne seg med mat sjølve.
Søking
Søking gjer du direkte til skulen gjennom dette søknadsskjemaet.
Søknadsfrist 1. april 2023.
1.samling: 25.-26. august, kl 08:40
2.samling: 22.-23.september, kl 08:40
3.samling: 20.-21.oktober, kl 08:40
4.samling: 17.-18. november, kl 08:40
5.samling: 15.-16.desember, kl 08:40
6.samling: 19.-20. januar, kl 08:40
7.samling: 16.-17.februar, kl 08:40
8.samling: 23.-24.mars, kl 08:40
9.samling: 20.-21.april, kl 08:40
Tverrfagleg eksamen i midten av mai.
Med forbehald om avvik i tidspunkt. Kontaktlærar vil sende ut oppdatert samlingsinformasjon etter behov.