Skulestart hausten 2023

Velkommen til skulestart ved Gjermundnes vgs hausten 2023! 

Første skuledag er mandag 21. august  kl. 10:00

-Vg1 møter i gymsalen.

-Vg2 og Vg3 møter i hallen utanfor kantina.

Første skuledag følger eigen plan, som blir delt ut første skuledag. Lurer du på korleis skulekvardagen blir, kan du lese meir om det her.

For dei som skal bu på skulen sitt internat, vert det høve til å flytte inn                  søndag 20. august kl. 16.00-19.00.

Det vert servert kveldsmat til internatelevane med føresette frå ca. kl. 18.00. 

- gå gjennom skulestartportalen, den finn du her

- les om elev-PC/stipend

- søk skuleskyss gjennom skuleskyssportalen

- søk stipend gjennom Lånekassen

- velg fordjupningsfag (YFF) for Vg1-elevar på skolestart.mrfylke.no (kan søkast på etter skulestart om du er usikker på kva du vil velge)

- sørg for å ha arbeidsklede og utstyr i orden, les meir her

- føresette må signere PC-avtale på skolestartportalen for elevar som skal ha PC gjennom fylkeskommunen

For deg som skal bu på internatet:

- søk om internatplass

- søk bortebuarstipend gjennom Lånekassen

For deg som skal ha hest på skulen:

- søk stallplass

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der.Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Kva må du gjere når du har fått skuleplass?

Etter inntaket vil det automatisk bli sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass. Logg deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til plassen. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.

På skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og eingangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre opplysningane dine. NB! Passord til portalen blir sendt ut til deg seinast 7. juli.

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng, bl.a. for å legge deg i rett undervisningsgruppe. Vi må t.d. vite kva matematikkvariant du ønsker, kontaktinformasjon til føresette, om du skal ha elevPC og anna.

 

 

 

Første skuledag er mandag 21. august 2023

Frammøte kl. 10.00 i gymsalen, administrasjonsbygget

 

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan bruke egen PC eller du kan velje fylkeskommunen si PC-ordning. Du kan lese meir om ordninga her

Dersom du skal gå Teknologi- og industrifag vert det nytta programvare som kun køyrer på Microsoft Windows-baserte PCar. Elevar med Apple-maskiner må derfor ordne seg med dette sjølve. Skulen bidreg ikkje med lånemaskiner til elevar. Elevar som har PC gjennom fylkeskommunen sin avtale og som har PC på service vil få tilbud om lånemaskin.

Alle elevar får gratis kontorstøtteprogramvare (Microsoft Office 365) som elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylke. 

Som elev i vgs kan du ha rett til fri skuleskyss til og frå skulen. For å ha skyssrett må avstanden være minimum 6 km. mellom skulen og der du bur (bolig eller hybel).

Søk om skuleskyss når du takkar ja til skuleplass. Du må søke om skuleskyss kvart år og det gjer du via skuleskyssportalen.

 

Les meir om skuleskyss på denne sida

Stipend og lån søkjer du på gjennom Lånekassen.

NB! Alle har rett på utstyrsstipend. Satsen på utstyrsstipendet variere med dei ulike utdanningsprogramma. Les meir om dei ulike stipenda og lån du kan søke på her

Internatet vårt har plass til 75 elevar og Vg1-elevar har førsteprioritet ved tildeling av internatplass.

Kjem du inn på 1. inntaket så er søknadsfristen 1. august. Andre søkjarar sender inn søknad om internatplass så snart dei har fått tildelt skuleplass.

Søknadsskjema for internatplass finn du her

Innflytting på internatet er søndag 20. august 2023, i tidsrommet kl. 16.00 - 19.00. Vi vil då ha folk tilstades for å ta imot elevar.

Du vil få tildelt rom og utlevert nøklar når du har betalt depositum på kr. 5.900,-. Betaling skjer med Vipps eller bankkort i kantina. NB! Vi tek ikkje kredittkort eller kontantar!

Følgjande utstyr må du ha med deg når du kjem:

-overmadrass, breidde 75 cm

-dyne, pute og sengetøy

-handdukar 

-toalettsaker

-toalettpapir

-vaskemiddel til reinhald av toalett, vaskemiddel til klesvask

-hengelås til garderobeskap og bod

-kjøkkenutstyr kan også takast med om du vil. NB! Små skap til oppbevaring!

-gardiner kan også takast med dersom du vil ha dine eigne (ca 130 cm. høgde, det er skinne med krokar til oppheng). På kvart rom er det frå før montert opp ei rullegardin 

NB! Det er ikkje lov til å ha kjøleskap, microbølgeovn, vannkoker etc. inne på rommet. Dette pga. eldre ledningsnett som ikkje er dimensjonert for dagens behov. 

Skal du ha med hest på skulen, søk stallplass her

Snarvegar

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.