Om skolen

 

Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.

Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

Mekaniske fag

Innanfor dei mekaniske faga har vi utvikla eit opplegg i samarbeid med industrien i kommunen.

Utdanninga kombinerer grunnopplæring på skulen med utplassering i den mekaniske industrien i kommunen. Saman tilbyr vi ei opplæring på eit fagleg høgt nivå.

Naturbruk

Skulegarden eig ca 300 dekar jordbruksareal, og leiger ca 100 dekar i tillegg. Jordbruksarealet er fulldyrka. Vi har også ca. 1200 dekar skog.

Skulegarden har moderne driftsbygningar og har teknisk undervisningsutstyr for jordbruks-, skogbruks- og hagebruksdrift.

Hest

Dei siste åra har skulen satsa sterkt på utvikling av tilbodet innan hest. Vi har knytt til oss fagpersonar i Norgeseliten innan feltet. Vi har eit nært samarbeid med desse kreftene for å kunne gje opplæring innan hestefaget av ypperste klasse.

Skulen har stallplass til ca 20 hestar. Dette gjer det mogleg for elevane å ha med eigen hest til skulen.

Skulen har store luftegarder, ridehall, utebane og rundpaddock.

Gjermundnes som samansett skule gir elevane ein god ballast for seinare studie og arbeid.