Realfag

Elevar som tek til på Vg1 Naturbruk ved Gjermundnes vil gjennom dei 3 åra ved skulen få tilbod om å velje følgjande fordjuping i realfag:

Vg 1 Naturbruk

- Naturfag - 5 t/v

- Matematikk 1T - 5 t/v Vg2 landbruk/hest/anleggsgartner

- Biologi 1 - 5 t/v

- Kjemi 1 - 5 t/v Vg3 Naturbruk studieførebuande

- Matematikk R1 - 5 t/v

- Biologi 2 - 5 t/v

- Kjemi 2 - 5 t/v

 

Når det gjeld Kjemi 2 vert det teke atterhald om at det er nok elevar som vel dette til å starte opp undervisning i faget. Programområde Naturbruk med påbyggingskurset Vg3 Naturbruk studieførebuande gjev utvida fordjuping i realfag samanlikna med alle andre yrkesfaglege programområde. Dette gjer at ein samstundes som ein får opplæring i landbruk, hestefag eller anleggsgartnerfag, skaffar seg ein studiekompetanse som gjev opptak til eit vidt spekter med høgskule- og universitetsstudium. 

Skriv ut