Meir enn ti % udokumentert fråvær i eit fag, kan føre til at eleven mister retten til halvårsvurdering med karakter eller standpunktvurdering. Eleven må legge fram godkjent dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fråværsgrensa. Rektor kan etter søknad i heilt spesielle tilfelle bestemme at eleven får karakter sjølv om ugyldig fråvær er over ti % (men ikkje meir enn 15 %). Fråværsgrensa gjeld for enkeltfag.
Eleven får varsel når det er fare for at dei ikkje får karakter (skjer når fråværet passerer fem %).
Eleven må ha papir/ dokumentasjon som viser kvifor han/ ho var borte fra undervisninga
Vis fram dokumentasjon første fråværsdag, kontaktlærer tar vare på dette (eigenmeldingsskjema ved sjukdom finst på Itslearning -> 01 Fellesrom -> Ressurser - > Skjema -> «Egenmeldingsskjema for elever»
Rektor kan utøve skjønn i spesielle tilfelle når det udokumenterte fråværet er mellom 10 og 15 %
Snever unntaksbestemming. Dette skal ta i vare elevar i ein vanskeleg livssituasjon, f.eks. kan vanskar i heimen gjer det vanskeleg å skaffe dokumentasjon på fråværet. Det vil uansett vere viktig at ikkje fråværet er så omfattande at ikkje lærar har eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag (uavhengig av fråværsgrensa).
Står eleven i fare for å miste halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, må faglærar sende ut varsel. Om eleven mister standpunktkarakter, har han/ ho klagerett. Mister eleven halvårsvurdering med karakter i eit fag, har han/ ho ikkje klagerett. Ved bortfall av karakter, skal det førast karakter IV
Eleven kjem ikkje inn på neste årstrinn (må evt ta kurset om igjen – f.eks. Vg1). Har eleven mål om å få studiekompetanse, blir det vanskeleg/ umogleg å få førstegongsvitnemål. Dette medfører i verste fall at eleven ikkje får inntak ved høyskole/ universitet eller lærekontrakt/ fagbrev. Det kan også medføre utfordringar med å få andre jobbar.
Samarbeid mellom skole og foreldre er heilt avgjerande for å unngå at elevar fell ut av den vidaregåande skolen. Ta kontakt med skolen raskt om de har spørsmål eller bekymringar.