Vaksenagronom

Gjermundnes vgs tilbyr agronomutdanning for vaksne etter Nasjonal modell for vaksenagronomen

Kurset er i samsvar med «Nasjonal modell for voksenagronomen». Denne er nærare gjort greie for i skriv Lmd.dep 18/1079-2 som du finn på i høgremargen. Følgande kriterier skal då vere oppfylt:

  • Opplæringa skal fordeles over to år og ha et faglig innhald i tråd med læreplanane på Vg2 landbruk og gartnarnæring og Vg3 landbruk eller Vg3 gartnarnæring. Fullført opplæring gir yrkestittelen agronom eller yrkestittelen gartnar
  • Tilbodet skal være organisert som samlingar i kombinasjon med nettundervisning. Om lag 20 prosent av timekravet i læreplanen skal nyttas til samlingar, dvs. gjennomsnittlig mellom 160-185 timer i løpet av skuleåret. Av disse skal minst en tredel være i form av praktiske øvingar.
  • Tilbodet skal ha en nedre aldersgrense for opptak som er 25 år
  • Tilbodet er gratis
  • Dette er ei komprimert utdanning som inneheld landbruksfaga frå vidaregåande skule.  Studiet er bygd på 2-dagars samlingar, nettbasert undervisning med oppgåveløysing, og sjølvstudium.

Innhaldet i kurset:

Undervisninga blir lagt opp etter læreplanane for programfag for Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk, sjå linkar til udir.no nedanfor.

Første året (aug 2019 – juni 2020) planlegg vi å ta Vg2-faga og eitt fag frå Vg3: 

Andre året (aug 2020 – juni 2021) er det Vg3-fag:

Nedre aldersgrense for opptak er 25 år.  For å få oppnå formell kompetanse krevst det noko meir, sjå avsnittet nedanfor.

Beviset på formell agronomkompetanse er vitnemål frå fullført og bestått 3-årig landbruksutdanning i vidaregåande skule.  For å få vitnemål etter vaksenopplæringskurset, må ein i tillegg til å fullføre og bestå alle faga i kurset ha følgjande:

  • Kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule.  5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag dersom søkjaren er 25 år eller eldre (Forskrift til
  • Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje fyller dette kravet, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering ved inntak.
  • Yrkesfagleg fordjuping (YFF) Vg2.  Dette faget er ikkje teke med i vaksenopplæringskurset vårt, men det kan erstattast med 316 timar dokumentert landbrukspraksis eller evt. fag frå studieførebuande utdanning.

Alle vil likevel få dokumentasjon på gjennomført opplæring: Dei som ikkje fyller krava til vitnemål får kompetansebevis som syner dei faga og eksamenane som er fullført.

Kurset er frå 2019 gratis 

Skulen har 6 rom med høveleg god standard tilgjengeleg på internatet til overnatting. I tilknyting til desse romma er det eit enkelt fellesrom med kjøkkenfasilitetar.  Her kan dei som leiger rom ordne seg med mat sjølve.

Dato for samlingar

1.samling: 5.-6.september, kl 08:40

2.samling: 3.-4.oktober, kl 08:40

3.samling: 7.-8.november, kl 08:40

4.samling: 5.-6.desember, kl 08:40

5.samlnig: 9.-10.januar, kl 08:40

6.samling: 6.-7.februar, kl 08:40

7.samlnig: 27.-28.februar, kl 08:40

8.samling: 26.-27.mars, kl 08:40

9.samlnig: 23.-24.april, kl 08:40

Eksamen i midten av mai.