Alternativ opplæring

Nokre elevar har behov for kvardagslivstrening eller arbeidslivstrening, og vil ikkje ha nytte av eit ordinært utdanningsløp. Desse elevane kan få tilbod om alternativ opplæring ved Gjermundnes vidaregåande skule. Vi kan tilby elevane ein kombinasjon av praksis og teori, der trivsel, inkludering, sosial kompetanse, tilpassa opplæring og førebuing for ein god overgang til eit liv etter vidaregåande opplæring.står i fokus.
Dei tilsette på skulen er spesialpedagogar, faglærarar, vernepleiarar og fagarbeidarar, og vi har eit tett samarbeid med PPT og andre instansar.
Ta kontakt med skulen for å få vite meir om korleis gå fram for å søkje på dette utdanningsløpet.
 

Kontakt