Gjermundnes vgs tilbyr agronomutdanning for vaksne etter Nasjonal modell for vaksenagronomen
Kurset er i samsvar med «Nasjonal modell for voksenagronomen». Denne er nærare gjort greie for i skriv Lmd.dep 18/1079-2 som du finn på i høgremargen. Følgande kriterier skal då vere oppfylt:
Undervisninga blir lagt opp etter læreplanane for programfag for Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk, sjå linkar til udir.no nedanfor.
Første året (aug 2019 – juni 2020) planlegg vi å ta Vg2-faga og eitt fag frå Vg3:
Andre året (aug 2020 – juni 2021) er det Vg3-fag:
Nedre aldersgrense for opptak er 25 år. For å få oppnå formell kompetanse krevst det noko meir, sjå avsnittet nedanfor.
Vitnemål eller kompetansebevis etter gjennomført kurs
Beviset på formell agronomkompetanse er vitnemål frå fullført og bestått 3-årig landbruksutdanning i vidaregåande skule. For å få vitnemål etter vaksenopplæringskurset, må ein i tillegg til å fullføre og bestå alle faga i kurset ha følgjande:
Alle vil likevel få dokumentasjon på gjennomført opplæring: Dei som ikkje fyller krava til vitnemål får kompetansebevis som syner dei faga og eksamenane som er fullført.
Kurset er frå 2019 gratis
Skulen har 6 rom med høveleg god standard tilgjengeleg på internatet til overnatting. I tilknyting til desse romma er det eit enkelt fellesrom med kjøkkenfasilitetar. Her kan dei som leiger rom ordne seg med mat sjølve.
1.samling: 5.-6.september, kl 08:40
2.samling: 3.-4.oktober, kl 08:40
3.samling: 7.-8.november, kl 08:40
4.samling: 5.-6.desember, kl 08:40
5.samlnig: 9.-10.januar, kl 08:40
6.samling: 6.-7.februar, kl 08:40
7.samlnig: 27.-28.februar, kl 08:40
8.samling: 26.-27.mars, kl 08:40
9.samlnig: 23.-24.april, kl 08:40
Eksamen i midten av mai.
Med forbehald om avvik i tidspunkt. Kontaktlærar vil sende ut oppdatert samlingsinformasjon etter behov.