Lokal prosedyre ved mistanke om rus
Prosedyre dersom ein mistenkjer at elev er rusa i skuletida (tillegg til rusplan for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal)
- Eleven skal følgjast til avdelingsleiar eller ein annan tilgjengeleg person i leiinga
- Leiar gjennomfører samtale med eleven, eventuelt i lag med rektor
- Dersom eleven er tydeleg rusa, fattar rektor vedtak om bortvising frå skulen ut dagen.
- Føresette til elev under 18 blir kontakta.
- Dersom elev er over 18, tar ein kontakt med føresette dersom eleven tillet det.
- Elev og føresette til elev under 18 blir kalla inn til eit møte i etterkant. Det skal utarbeidast ein oppfølgingsplan for eleven i møtet.
- Elev over 18 blir kalla inn til møte i etterkant. Det skal utarbeidast ein oppfølgingsplan for eleven.
- Vurder om det er behov for bekymringsmelding til politiet eller barnevern, eventuelt anonym drøfting
Ved ei generell bekymring skal prosedyren skissert i Møre og Romsdal fylkeskommune si rusplanen følgjast,