Bilde av alle nye elevar
I løpet av veke 34 tek vi portrettbilde av elevar og tilsette. Portrettbildet blir brukt til skulebeviset.
Digitalt skulebevis
Det digitale skulebeviset er godkjent som bevis på buss/tog og andre stader der ein kan få elev-/studentrabattar.
Skulebeviset er ikkje godkjent som legitimasjon i bank eller post.
Last ned appen “It's Me ID” frå App Store eller Google Play
- velg “Legg til ID-kort”
- velg FEIDE eller sms som innloggingsmetode. Brukar du FEIDE-id som innlogging, må du velge Møre og Romsdal fylkeskommune som “tilhørighet”
- logg på med ditt Feide-brukarnamn og passord.
Treng du hjelp med It's Me ID?
Har du spørsmål ta kontakt med oss på ekspedisjonskontoret på skulen.
Fysiske elevbevis blir bestilt inn og levert ut kort tid etter skulestart.
