Orientering om internatet

Gjermundnes har internat med hybelplass til ca. 75 elevar. Dei som ønskjer å ha hybel på internatet må sende inn eigen søknad om dette.

For å ha hybel på internatet må du vere elev ved Gjermundnes vgs. Det er ikkje høve til å ha Internatet på Gjermundnes vgs som fast bustadadresse. Internatet stenger alle helgar og i alle feriar. Vi gjer merksam på at føresetnaden for å få ha hybel på skulen sitt internat, er at ordensreglane vert følgde. Vi gjer også merksam på at tilsette har rett til å låse seg inn på hyblane dersom dei ser behov for det.

Miljøteam

Kvart skuleår sett internatleiar saman eit miljøteam på 8 stk frå internatelevane. Mijøteamet og internatleiar skal saman:

  • skape eit godt miljø på internatet
  • være synlege
  • organisere aktivitetar 

 

 

 

Praktisk informasjon om internatet