Velkommen til Open skole 2025

Onsdag 22. januar kl. 17:00-20:00 

Vi ønskjer spesielt alle avgangselevar i ungdomsskolane velkommen,  gjerne i lag med føresette og søsken.  Andre som ønskjer å bli kjent med vårt tilbod om vidaregåande opplæring er også velkommen.

Her møter du elevar, lærarar og rådgjevar som du kan stille spørsmål til. Du vil også få omvisning på dei ulike avdelingane våre:

  • Mekanisk verkstad
  • Stall/ridehall
  • Gartneri
  • Fjøs
  • Andre klasserom
  • Internat

Internatleiar vil vise deg rundt på internatet vårt dersom det skulle vere aktuelt.

Vi får også besøk av fleire bedrifter frå næringslivet. Besøk gjerne standen deira for å høyre om kva dei etterspør av utdanning og kompetanse.

Vi avsluttar kvelden med kveldsmat og god prat i kantina.

Kom på besøk, bli kjent med oss og finn ut kva vi kan tilby deg. 

Vi gler oss til å treffe deg!