Stallregler smådyr

Alle som oppheld seg i smådyrstallen skal ha det bra. Sei “hei” og gje dei eit smil!

  • Helse, miljø og sikkerheit skal alltid komme i første rekke.
  • Alle skal oppføre seg hyggeleg i stallen og på informasjonskanalane våre.

 

Dyra i smådyrstallen skal ha det bra

  • Dyra skal ikkje med vlje skremmast eller plagast.
  • Skader på dyr skal omgåande meldast til stallansvarleg smådyr eller til dyreeigar.
  • Dersom eit dyr ikkje har tilgang på vatn eller fôr, skal dette meldast til stallansvarleg smådyr.
  • Klagerog ueinigheit om dyrehaldet skal takast opp med stallansvarleg smådyr.

 

Stallen skal vere i orden

  • Skader på fasilitetar skal meldast til stallansvarleg smådyr.
  • Areala i og rundt småstallen skal til ein kvar tid vere  ryddig og presentabel.

 

Reglane gjeld i stallen til ein kvar tid. Det er oppstalløren sitt ansvar å halde seg oppdatert på skulen sine informasjonskanalar og rutiner. Justeringar på reglane kan skje i løpet av skuleåret.  Dette vil då bli tatt opp på stallmøter.

Brudd på reglane fører til varsel. Fortsett varsla, blir oppstalløren innkalla til samtale med stallansvarleg smådyr (føresette kan bli involvert for elevar som er under 18 år). Vidare brudd på reglar fører til utvisning frå smådyrstallen. Utvisninga kan revurderast ved ny søknad om stallplassl