Gjermundnes vgs. har eit allsidig og godt apparat for opplæring i landbruk. På skulen vår har vi mjølke- og smågrisproduksjon, sau, stall gartneri, skog og rike utmarksressursar.
Vel du opplæringsløpet naturbruk lærer du om:
- å produsere mat frå planter og dyr
- å utføre arbeid på åker og i fjøs
- å stelle dyr
- å vere anleggsgartnar
- å utføre gartnararbeid
- å arbeide i skogen
- å kjøre traktor
- å behandle maskiner
- å drive friluftsliv, jakt og fiske
- å lage mat ute og på kjøkkenet
På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vere relevant for eleven, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet.
Etter Vg2 kan du ta fagbrev eller studiekompetanse. Vi legg vekt på at opplæringa skal vere relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr, natur, menneske og verkelegheita.
Avhengig av kva programområde du vel, gir utdanningsprogrammet yrkeskompetanse eller studiekompetanse med moglegheit for vidare studier ved høgskular eller universitet.
Naturbruk på vilbli.no