Vg2 Landbruk- og gartnarnæring

Vil du arbeid med ku, sau og gris? Vil du dyrke mat i åkeren? Vil du bruk maskiner på garden? Da er Vg2  Landbruk og Gartnarnæring tilbodet for deg. 

Her får du lære å mjølke og stelle storfe, du får arbeide i skogen og lage planar for drift av ein gard. Opplæringa vil ha eit miljø og berekraftsperspektiv der du får innblikk i korleis ein skal tenke langsiktig forvaltning av naturressursane knytt til garden.
 

Etter Vg2 kan du gå vidare til Vg3 Landbruk, Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse eller Vg3 Naturbruk studieførebuande.  Vi legg vekt på at opplæringa skal vere relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr og natur.

Les meir på Vilbli.no