Vg3 Naturbruk (studieførebuande)

Elevar som tek til på Vg1 Naturbruk ved Gjermundnes vil gjennom dei 3 åra ved skulen få tilbod om å velje følgjande fordjuping i realfag.

Det betyr at du frå Vg1 Naturbruk har desse faga:

  • Naturfag - 5 t/v
  • Matematikk 1T - 5 t/v Vg2 landbruk/hest/anleggsgartner
  • Biologi 1 - 5 t/v
  • Kjemi 1 - 5 t/v Vg3 Naturbruk studieførebuande
  • Matematikk R1 - 5 t/v
  • Biologi 2 - 5 t/v
  • Kjemi 2 - 5 t/v

Når det gjeld Kjemi 2 vert det teke atterhald om at det er nok elevar som vel dette til å starte opp undervisning i faget. Programområde Naturbruk med påbyggingskurset Vg3 Naturbruk studieførebuande gjev utvida fordjuping i realfag samanlikna med alle andre yrkesfaglege programområde. Dette gjer at ein samstundes som ein får opplæring i landbruk, hestefag eller anleggsgartnerfag, skaffar seg ein studiekompetanse som gjev opptak til eit vidt spekter med høgskule- og universitetsstudium.