Gartneriutsalet

Opningstider haust-26:

Fredagar    klokken  09:30 - 13:30

 

Frå jord til bord. Elevane har handplukka årets avling med kjærleik 

Velkommen til ein koseleg og lokal handletur!

Veksthusproduksjon

Skulen har 900 m2 med veksthus, fordelt på tre avdelingar. I tillegg er det drivbenkar ute som blir brukt til å dyrke fram utplantingsplanter. Veksthusproduksjonen er allsidig og med hovudvekt på utplantingsplanter, juleblomster samt tomat og agurk.

Frilandsproduksjon

Vi har eit allsidig utval av grønnsaker på friland. Arealet er på til sammen fire dekar og blir brukt til mellom anna gulrot, hovudkål, kålrot, knutekål, brokkoli, grønkål, purre, løk, salatløk, vårløk og knoll- og stangselleri.

Gartneritsalet

Alt som blir produsert i avdelinga blir solgt frå skulen sitt eige utsal.